NRK Meny

Steinsprang i Norddal

Fleire store steinar har rast ned frå Alstadfjellet i Norddal. Den eine steinen hamna i vegkrysset til Grønning, like ved den tett trafikerte fylkesveg 63 mellom Valldal og Trollstigen. Ingen personar er komne til skade. Fylkesvegen er open, men den kommunale vegen inn til Grønning er stengd.

Steinsprang Norddal
Foto: Tore Ellingseter / NRK