NRK Meny
Normal

Sender geolog for å sjekke steinras

Vegen er opna att i eitt køyrefelt etter steinraset ved Todal i Aure. Ein geolog skal sjekke raset onsdag.

Laster kart, vennligst vent...

Ekspertar frå Statens vegvesen er på veg for å vurdere raset.

Ras ved Todalen i Aure

Slik såg vegen ut etter steinraset.

Foto: Statens vegvesen

Det var i 17-tida at steinraset gjekk på fylkesveg 359 på strekninga Todal – Kjelklia i Aure på Nordmøre. Det var ikkje mistanke om at folk var tatt av raset, men politiet søkte likevel gjennom med hund. Vegen, som er den einaste vegen inn til bygda, var stengt i fleire timar, men opna i eitt køyrefelt i 21-tida.

– Det låg ca. 10 kubikk med stein på vegen og like mykje i grøfta, seier Ole Jan Tønnesen. Han er avdelingsleiar i Statens vegvesen. Raset har gått i ei bratt li, med fjorden på nedsida av vegen.

Statens vegvesen sender geolog onsdag for å vurdere rasfaren.

– Vi kjenner ikkje til at det har gått ras akkurat her i nyare tid, seier Tønnesen.