Hopp til innhold

Steinar har falle frå Arbeideren

Fleire steinar har falle ned frå bygninga Arbeideren i sentrum av Ålesund. Ingen skal ha blitt skadd i hendinga.

Bjarne Hundsnes, leiar for eigedom i Ålesund kommunale eigedom KF (ÅKE), seier at mannskap har vore på staden og undersøkt situasjonen.

– Dei har sett opp sperreband, men late steinane ligge slik at folk blir merksame på det og ikkje kryssar sperringane, fortel han.

Hundsnes seier vidare at det vil bli gjort nye undersøkingar på måndag for å sjå om det er meir laus stein som kan falle ned frå Arbeideren.

Fleire steinar har falle frå Arbeideren i Ålesund
Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK