Hopp til innhold

Stein raste ned frå tunneltak og trefte to bilar

Ålesundtunnelane er no opne igjen etter at stein raste ned frå taket i Ellingsøytunnelen og trefte to bilar.

Stein i Ellingsøytunnelen

Veidekke med ein av steinane som skal ha rasa frå taket i Ellingsøytunnelen.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Politi Ellingsøytunnelen

Ellingsøytunnelen var stengt i omtrent ein time.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK
Veidekke

Veidekke skal gjere ei ny undersøking av tunnelen til natta.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

I 08.00-tida torsdag morgon kom det melding om at Ellingsøy- og Valderøytunnelen blei stengt etter at det raste stein frå taket i Ellingsøytunnelen.

Like før klokka 09.00 blei Valderøytunnelen opna for trafikk med omkøyring via Ellingsøy for trafikken på rv. 658 mellom Ålesund og Vigra.

Klokka 09.15 blei også Ellingsøytunnelen opna etter at politi og Veidekke hadde gjort grundige undersøkingar i tunnelen.

– Det blei ikkje gjort funn som kan medføre fare for bilistar. Ny sjekk til natta av entreprenøren, opplyser politiet.

Ingen skadd

Politi Ellingsøytunnelen

Ellingsøytunnelen var stengt i omtrent ein time.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Steinraset førte ikkje til personskadar.

– Ingen personar skal ha blitt skadd i ulukka, men bilane skal ha fått skader på panser og frontrute, seier Borge Amdam, operasjonsleiar i politiet.

Stenginga førte til stor kø i morgerushet torsdag.

Valderøytunnelen stengt
Foto: Charlotte Ervik / NRK