Hopp til innhold

I natt høyrde dei lydar av stein som losna i fjellet

RAUMA/ÅLESUND (NRK) Mannskap frå Sivilforsvaret har i natt høyrt stein som har losna i det rasutsette fjellmassivet Mannen i Romsdalen.

Sivilforsvaret passer på Mannen i Rauma

Folk frå Sivilforvaret har høyrt lydar av stein som har losna i fjellet. Det er eit av teikna på at skredet nærmar seg.

Foto: Lena Høyberg / NRK

I natt har ekspertane fylgt utviklinga i fjellet Mannen frå time til time. Det er framleis stor bevegelse i fjellet, melder geologane. Ei lokal gruppe av Sivilforsvaret har vakttelt ved Horgheim. Ei av oppgåvene deira er å lytte etter lydar og politiet seier til NRK at Sivilforsvaret har høyrt steinsprang i natt. Det er eit av teikna på at skredet nærmar seg.

– Vi fekk melding frå Sivilforsvaret på staden om at det gjekk eit steinsprang frå fjellet klokka 01.23 i natt. Det er uvisst kor stort det var, sidan er mørkt, seier Tove Anita Ask. Ho er operasjonsleiar ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Rasfare fra Mannen
Foto: Marco Vaglieri/ Bjørn Sandvik / NRK

Bevegelsane auka

Det var søndag kveld at målingane viste ein akselerasjon i bevegelsane på grunn av store nedbørsmengder. Bevegelsane var mellom tre og fem gongar høgare enn dei har vore dei siste tre vekene. Sjefgeolog Lars Harald Blikra sa at det ikkje er usannsynleg at skredet vil kome i dag, avhengig av nedbørsmengdene.

– Det skal lite nedbør til før bevegelsane aukar, sa sjefgeolog Lars Harald Blikra til NRK måndag.

LES OGSÅ:

Ingen er i fare

Førre veke vart 11 personar evakuerte frå området og toglinja i Romsdal vart stengt. I går gav politiet ordre om opphaldsforbod ved fjellet.

Det er venta at 120.000 kubikk kan rase ut frå fjellet.

– Vi har sett at ti millimeter er nok til å skape ein akselerasjonsfase i fjellet, så vi er rimeleg sikre på at det vil skje ein del i løpet av natta og morgondagen, sa sjefgeolog Lars Harald Blikra måndag kveld.

LES OGSÅ:

Mykje regn

Det ligg ein verstasjon like ved området og frå midnatt og fram til klokka 06 har det kome 8 mm nedbør.

– Vi ventar at det skal kome meir regn i timane framover, seier Rafael Escobar Løvdahl. Han er vakthavande meteorolog ved Vervarslinga på Austlandet.

Frå i kveld blir det regnbyger, men framleis kan det vere snakk om store mengder vatn.

Direkte: Bilder fra fjellet Mannen.
Store nedbørsmengder kan utløyse snarleg skred frå Mannen. Politimeisteren har innført opphaldsforbod.