Det er ein einsam kamp for å kome tilbake på fotballbana for Børre Steenslid etter duellen med Tromsø-spelaren Steffen Nystrøm 31.januar i år.
Han er åleine på sykkelen i styrkeromet og tre veker har gått sidan korsbandskaden var eit faktum.
- Det blir lange dagar med mykje alternativ trening og behandling. Vi gjer det som vi kan for å optimalisere kneet best mogleg. Det er viktig å styrke den muskulaturen eg har, seier Steenslid.
Timane på sykkelen har blitt mange allereie og enno er han ikkje operert.
- Eg håper på operasjon snarast mogleg og kanskje alt neste veke.
Rundt eit halvt år går det truleg før Steenslid er tilbake på fotballbana.