Hopp til innhold

Stebestefar dømt for gjentatte valdtekter

Ein nordmøring i 60-åra er dømt til fengsel i fem og eit halvt år etter ei rekke seksuelle overgrep mot eit stebarnebarn.

Norsk riksvåpenskjold

Det var ein samstemt tingrett som avsa domen.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Jenta, som i dag er 19 år, fortalde ikkje før mot slutten av 2014, om overgrepa. Då skal dei ha pågått ei tid. Ifølgje rettspapira er det ikkje uvanleg at det tar tid før ein som er utsett for overgrep fortel om dei.

Retten har i si bevisvurdering lagt til grunn forklaringane frå den fornærma, og meiner dei ikkje ber preg av overdriving. Forklaringane er og styrkt av funn som er gjort heime hos den tiltalte, meiner retten.

I tida medan overgrepa skjedde hadde ho reaksjonar som samsvarar med at ho blei utsett for overgrep, som tildømes konsentrasjonsvanskar og dårlegare karakterar. Også i seinare tid har ho slite med mellom anna konsentrasjons- og søvnvanskar.

Tiltalte har nekta for straffskuld for forholda, men retten festar ikkje lit til forklaringane hans.

Gjentatte valdtekter

Retten legg til grunn at tiltalte fleire gongar frå sommaren 212 og nesten to år framover brukte makt mot den fornærma og på denne måten tiltvang seg seksuell omgang med henne. Ved eit høve var ho 14 år.

Den legg og til grunn at tiltalte hadde omsorga for ho medan fleire av overgrepa skjedde.

Nordmøre tingrett har sett straffa til fengsel i fem år og seks månader. Mannen i 60-åra må og betale den fornærma ei erstatning på 225 000 kroner.