NRK Meny
Normal

Stavanger klar for siste reis

Redningsskøyta Stavanger held fram på sin siste seglas. Frå Kristiansund går turen no til hovudstaden, der båten får tak over hovudet.

RS ”Stavanger” på vei ut Sørsundet.
Foto: RS ”Erik Bye”/Redningsselskapet.

- Dette er både vemodig og bra, seier skipper Johan Petersen. Han har no oppdraget med å føre RS Stavanger til Oslo.

Utan motor

Der ventar sjøfartsmuseet og eit liv innandørs for den gamle redningsskøyta.

Redningsskøyta har helde hamn i Kristiansund sidan 2002. Og gjekk i vår opp til Vesterålen for å starte sin siste seglas.

- RS ”Stavanger” er meget takknemlig for alle sine gode hjelpere i Kristiansund gjennom de siste syv årene hun har hatt hjemmehavn i Kristiansund, sier skipsfører Johan J. Petersen.

Den er ei redningsskøyte av ei anna tid, og seglar no utan motor når den skal ut på siste reise.

Om lag klokka 14 søndag ettermiddag sa skøyta seg ferdig med besøket i nordmørsbyen. Der har den ligge sidan fyrste etappe av norskekysten var unnagjort i vår. Då gjekk turen frå Lofoten til Kristiansund.

Historiske naboar

- No er det fire veker med seglas før me er i Oslo, seier skipper Petersen.

Han fortel at RS Stavanger får plass i båthallen ved Sjøfartsmuseet, i eit hus som er litt mindre enn Fram-bygget.

- Det blir Stavanger, Fram og Gjøa som blir liggande der, seier Petersen.

- Det er ei ære

No legg han ut på siste etappe med ein båt som har vore til havs i 108 år. Skuta blir brukt som museumsskute, og blir no bevart, på grunn av originaliteten.

- Det er ei ære å få føre denne skuta på siste turen, seier Petersen.

- Ho har alltid vore eit fantastisk skip å segle, og me gler oss veldig til sjølve seglasen, fortel han, før redningsskøyta Stavanger legg frå kai i Kristiansund, for siste gong.