Sjølv om det er liten tvil om at statuen utanfor Color Line Stadion i Ålesund er svært lik John Arne Riise, er det først 13 år etter avdukinga det er namnet til den tidlegare fotballproffen som skal stå på messingplata.
Ser ut som John Arne Riise
Då statuen kom opp i samband med opninga av Aalesund fotballklubb sitt nye storanlegg i 2005, fekk han nemleg namnet «Fotballspilleren». Dette trass i den openberre likskapen med den beste fotballspelaren som har kome frå Ålesund, nemleg John Arne Riise.
Namnet på statuen har ført til debatt fleire gongar, og i 2016, tok John Arne Riise sin bror, Bjørn Helge Riise, saka i eigne hender og døypte han om ved hjelp av papir og teip.
No har AaFK snudd i namnevalet og stadfestar i ei pressemelding at «Fotballspilleren» no skal heite John Arne Riise.
– Nesten like stort som å vinne Champions League
John Arne Riise la opp i 2017 etter ei eventyrleg karriere som fotballspelar.
Foto: Helle Fjelldalen / NRKRiise, som kom tilbake til Ålesund i 2016 etter 18 år på farta, seier han er utruleg stolt og takknemleg for namneendringa.
– Det å få denne støtta frå byen, som betyr så mykje for meg, er nesten like stort som å vinne Champions League, uttalar John Arne Riise, ifølgje pressemeldinga frå Helge Blindheim, som er dagleg leiar i Ålesund Stadion KS – CLS.
Ifølgje han vart namnet «Fotballspilleren» bestemt av kunstnaren, og statuen var meint som ein hyllest til fotballen.
– Det var naturleg at John Arne vart valt som symbol og modell for statuen, men det var aldri tanken at statuen skulle bere namnet hans så lenge han var aktiv fotballspelar, skriv Blindheim.
Høgtideleg avduking
I løpet av karrieren spelte John Arne Riise for Monaco, Liverpool, Roma, Fulham, APOEL, Dehli Dynamos, Aalesund og Chennaiyin. Debuten kom for Aalesund allereie som 16-åring før han starta proffeventyret som 18-åring i Monaco.
John Arne Riise debuterte for AaFK då han var 16 år. To år seinare byrja han som proff i Monaco.
Foto: AaFKJohn Arne Riise la opp i 2017, etter å ha avslutta karrieren i AaFK og den indiske klubben Chennaiyin.
Kunstnaren sjølv, Tore Bjørn Sævik, synast det er naturleg at statuen no endrar namn.
– John Arne har vore eit førebilete for mange unge idrettsutøvarar og betydd mykje for Aalesunds Fotballklubb og Ålesund by, står det i pressemeldinga.
No skal både kunstnaren, styreleiar i Ålesund Stadion KS, ordføraren i Ålesund, hovudpersonen sjølv og andre gjestar avduke statuen på nytt – 13 år etter at den først kom opp.