Hopp til innhold

Statsministeren støttar unge krefter

Statsminister Erna Solberg har stor tru på unge krefter i kommunevalet. I dag møtte ho Høgre sin 24 år gamle ordførarkandidat i Ålesund.

Statsminister Erna Solberg har stor tro på unge krefter i kommunevalet. I dag møtte ho Høgre sin 24 år gamle ordførarkandidat i Ålesund.

Sjå tv-saka. Ordførarkandidat i Ålesund, 24 år gamle Øystein Tvedt viste statsminister Erna Solberg rundt omkring i Ålesund onsdag ettermiddag. Foto/redigering: Øyvind Sæbjørnsen.

Valglogo

– Her i Ålesund seier vi at vi ønskjer å vere ei ja-kommune med ein plan, seier ein engasjert Øystein Tvedt til statsminister Erna Solberg då ho i dag besøkte Ålesund.

Ordførarkandidaten i Ålesund gjekk rett på sak då han tok med seg statsministeren på byvandring i Ålesund onsdag ettermiddag.

Solberg, som i dag var på besøk i Møre og Romsdal, starta turen i Molde, før ho reiste vidare til Ålesund. Reisa blir avslutta i Ørsta onsdag kveld.

Kjempar om å bli ordførar

Erna Solberg I ålesund, Øystein Tvedt

Erna Solberg og Øystein Tvedt på byvandring i Ålesund.

Foto: Remi Sagen / NRK

Før haustens kommune- og fylkestingsvalet gjer 24 år gamle Øystein Tvedt seg klar til å kjempe for å bli den nye ordføraren i Møre og Romsdal sin største by.

Tvedt utnytta anledninga til å få råd frå statsministeren.

– Det er viktig å bruke denne moglegheita til å snakke om kva vi som region og by treng framover. Både kva vi kan gjere lokalt og kva vi kan få av draghjelp nasjonalt, seier han.

Alder er inga hindring

Ålesund har vore Høgre-kommune sidan 1999, og Høgrepolitikarane i kommunen ønskjer at det skal halde fram med å vere det, også etter haustens kommune- og fylkestingsval.

Erna Solberg i Ålesund, Øystein Tvedt

Statsministeren har tillit til dei unge kandidatane.

Foto: Remi Sagen / NRK

Høgre ønskjer fornya tillit i Ålesund, men kommunen slit med dårleg økonomi, samtidig som andre oppgåver og krav står i kø. Den 24 år gamle ordførarkandidaten har krevjande oppgåver i vente dersom han blir valt.

I åtte av landets kommunar går Høgre til val med listetoppar og ordførarkandidatar som er uvanleg unge til norsk politikk å vere.

Statsministeren er likevel ikkje i tvil om at unge politikarar kan gjere ein like god jobb som eldre kollegaer.

– Eg meiner at ein ikkje skal vere så redd for alder, men heller vurderer enkeltpersonar ut ifrå det dei kan, seier Solberg.

Støtte frå statsministeren kjem godt med i valkampen, men Tvedt veit at han må sørge for valsigeren sjølv.

– Nei, det er opp til meg. Eg meiner at det er viktig å tørre å tenke nytt her i Ålesund, både i forhold til valet og korleis vi ønskjer å organisere kommunen i framtida, seier han.

– Vestlandet er spesielt viktig

Solberg er for tida på ei omfattande reise rundt omkring i landet, og det er ikkje berre unge ordførarkandidatar som får besøk.

– Byane våre er sjølvsagt viktige, og for meg er det spesielt viktig å besøke vestlandsfylka, seier Solberg.

– Vi har også prioritert å besøke plassar der vi skiftar kandidatar. Dei treng ofte litt ekstra draghjelp for å bli kjent, held ho fram.