Hopp til innhold

Jens opnar Norsk fjellfestival i Rauma

Statsminister Jens Stoltenberg står for opninga av den trettande fjellfestivalen i Rauma, 11. juli.

Jens Stoltenberg

Jens Stoltenberg skal opne Norsk Fjellfestival 11. juli.

Måndag 11. juli er det igjen klart for Norsk Fjellfestival i Rauma og statsminister Jens Stoltenberg vil opne festivalen.

Statsministeren vil også delta i arrangementet "Samtalar i fjellet" saman med skodespelar og fjellklatrar Henrik Mestad.

Samtalen vil føregå på Kavlisetra i Isfjorden i Rauma.

-Vi opplever at folk har store forventningar til programposten, seier festivalleiar Christel Siem.

Henrik Mestad

Skodespelar Henrik Mestad skal ha samtale i fjellet med statsminister Jens Stoltenberg

Foto: NRK

Ho trur naturen er ein viktig grunn til at statsministeren har sagt ja til å kome. Stoltenberg har sett av fleire dagar til festivalen for å gå i fjellet.

Norsk fjellfestival har som mål å vere det fremste frilufts- og fjellarrangementet i landet.

Heile programmet for festivalen er enno ikkje klart.