Hopp til innhold

Erna opna skuleåret

Statsminister Erna Solberg (H) deltok på den offisielle semesteropninga ved Høgskulen i Ålesund onsdag.

Erna Solberg på Høgskulen i Ålesund

Statsminister Erna Solberg (H) deltok på den offisielle semesteropninga ved Høgskulen i Ålesund onsdag.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Vrimleområdet ved Høgskulen i Ålesund var onsdag fylt til randa av spente studentar og tilsette.

– Ikkje gløym å ha det gøy

Statsminister Erna Solberg (H) heldt tale under den offisielle opninga og ønska studentane velkomen som det siste kullet som startar ved skulen før den blir ein del av NTNU frå 1. januar 2016.

– Kunnskap er den nye oljen, sa Solberg i talen sin.

Der oppmoda ho også studentane til å ta studiane på alvor, men at dei også ikkje måtte gløyme å ha det gøy undervegs i studiane.

Høgre stilte mannsterke

Erna Solberg på Høgskulen i Ålesund

Mange lokale Høgre-politikarar hadde møtt opp for å vise sin støtte.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen

Høgre stilte mannsterke på semesteropninga ved høgskulen, og i salen kunne ein sjå fleire høgrepolitikarar og stortingsrepresentantar frå Høgre.

Første- og andrekandidat på Høgre si liste i Ålesund, fylkesmannen og Charles Tøsse (H) ordførar i Stordal kommune var blant dei frammøtte.

Solberg er i dag på besøk i Møre og Romsdal. Turen starta i Molde, før ho reiste vidare til Ålesund.

På ferja mellom Molde og Vestnes var Møreaksen eit sentralt tema.

Høgskulen i Volda startar studieåret 18. august, medan Høgskulen i Molde startar 19. august.

Solberg avsluttar dagen i Ørsta, der ho blant anna skal møte og dele ut fagbrev til ei rekke helsefagarbeidarar. Eit kveldsmøte heime hjå Ørsta-ordførar Rune Hovde står også på planen før ho forlèt fylket seint onsdag kveld.

Erna Solberg på Høgskulen i ålesund

Mange studentar hadde møtt opp for å få med seg talen til statsministeren.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL