Hopp til innhold

Lærerikt møte for statsministeren

Statsminister Erna Solberg får i dag sjå utfordringane i den maritime næringa på nært hald.

Erna Solberg

Statsminister Erna Solberg møtte ein rekke representantar for ulike delar av næringslivet på Sunnmøre i Ålesund i dag.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Erna Solberg

Erna Solberg saman med Helge Gjerde, direktør Rolls- Royce Marine og Torill Ytreberg regiondirektør i NHO.

Statsminister Erna Solberg møtte i dag leiarar i den maritime næringa på Sunnmøre for å diskutere den krevjande situasjonen som dei no opplever.

– Det er alltid positivt at statsministeren tek seg tid til å lytte til næringa. Det var også bra at det var eit samansett næringsliv som var representert under møte. Eg trur også at det var nyttig for statsministeren, seier Helge Gjerde direktør Rolls- Royce Marine.

Regjeringa må bidra

Bevisa på den tøffe situasjonen i den maritime næringa er godt synlege for statsminister Erna Solberg, som startar besøket sitt i Ålesund i dag. Fleire skip ligg i opplag i sentrum av byen. Heile veka besøker statsministeren dei delane av landet som er hardast råka av arbeidsløyse.

Helge Gjerde, direktør i Rolls-Royce

Helge Gjerde, direktør Rolls- Royce Marine, er førebudd på at selskapet framleis står ovanfor nye endringar.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Under møtet fekk næringslivsleiarane fremja dei utfordringane som deira bransjar no står ovanfor. Rolls-Royce har måtte seie opp fleire hundre tilsette, og Gjerde trur ikkje at nedturen er over.

– For oss var det viktig å få fram det faktum at bransjen vi er i framleis har tydelege utfordringar som vi trur kjem til å ta tid. Det er ein del større løft som må gjerast og det kan ikkje bedriftene gjere aleine. Då kan myndigheitene og regjeringa spele ei viktig rolle.

Han er innstilt på at selskapet framleis står ovanfor nye endringar.

– Vi er inne i ein betydeleg endringsprosess der vi ønsker å etablere eit fundament for framtidig vekst og lønnsemd når marknadane blir betre. Det prøver vi å kombinere med å framleis investere i ny teknologi, fordi vi ser ei framtid i denne industrien som vi trur blir annleis enn det den var og det krev endring også frå vår side, seier han.

Lærerikt møte

Statsminister Erna Solberg synest møtet med næringslivet var interessant.

– Det som er fint med slike møter er at ein får eit verkeleg bilete av korleis næringslivet opplever situasjonen og korleis dei omstillingane som har blitt gjort har fungert, seier ho.

Erna Solberg

Mange ville slå av ein prat med statsministeren under besøket i Ålesund.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Solberg fortel at ho fekk mange konkrete tilbakemeldingar under møtet.

– Det gjekk både på byråkrati innan fiskerinæringa, men også omstillingsprosessar og utfordringar knytt til det. Det er saker som vi må ta med oss for å sørge for at vi ikkje mister kompetanse og kunnskap, seier ho.

Statsministeren innrømmer at regjeringa ikkje har ei kjapp løysning på problemet, men seier at dei gjer tiltak for å få fleire i arbeid.

– Vi har mellom anna jobba med moglegheita for å utsette formuesskatten, som kjem i budsjettet no til hausten. Men så fekk vi også tilbakemeldingar på andre verkemiddel vi må jobbe meir med, seier ho.