NRK Meny

Statsministeren i Molde

Statsminister Erna Solberg har kome til Molde, og først på programmet står besøk hos Brunvoll AS. Seinare skal ho besøke National Oilwell Varco og få lunsj på rådhuset. På Kunnskapsparken skal ho møte næringsliv og arbeidsfolk for å snakke om omstilling, arbeidsløyse og nye jobbar. Programmet blir avslutta med at ho opnar Romsdalsmuseet.

Erna Solberg på bedriftsbesøk
Foto: Trond Vestre / NRK