Hopp til innhold
Ferge Mordalsvågen over til Solholmen
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Statsbudsjett 2023: Møre og Romsdal

  • – Dette kuttet kan bli svært utfordrende

    Ordføreren i Ørsta, Stein Aam (Sp), er sterkt kritisk til at regjeringa har kuttet tilskuddet til uteleieboliger i forslaget til statsbudsjett.

    – Dette vil gjøre det mye vanskeligere for kommunene å bosette flyktninger, sier han.

    Det er forventet at det vil komme et høyt antall flyktninger fra Ukraina også i 2023. Det kan skape en utfordrende situasjon for mange kommuner, mener Aam.

    Ordførerkollegaen i Molde, Torgeir Dahl, (H) karakteriserer dette kuttet som uforståelig og mener det bør reverseres.


    Stein Aam i Ørsta
    Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK
  • Ventar koronakompensasjon

    – Det er avgjerande at kommunane får kompensert for kostnadene dei hadde under koronaen, seier kommunedirektør Rune Sjurgard i Volda. Det kom ikkje pengar i regjeringas forslag til statsbudsjett, men det er varsla at det kjem ein tilleggsproposisjon seinare i haust. Sjurgard seier det vil vere dramatisk dersom desse kostnadrne ikkje blir dekte. Totalt er det snakk om 8,8 milliardar kroner, for Volda 16-17 millionar kroner i ekstra lønskostnader, seier Sjurgard.

  • Vil oppretthalde Eldreombodet

    Høgre vil ha med seg fylkestinget på eit krav om at Eldreombodet blir oppretthalde. Det foreslår Bente Bruun og Monica Molvær frå Høgre i fylkestinget denne månaden. I forslaget til statsbudsjett vil regjeringa legge ned Eldreombodet som er lokalisert i Ålesund. Molvær meiner Eldreombodet har vore ein suksess og seier det er uakseptabelt å legge det ned.

    Bente Lund Jacobsen
    Foto: Oda Flaten Lødemel / NRK
  • Utsetjing for Ålesund sjukehus

    Regjeringa går inn for å utsetje den omfattande utbygginga av Ålesund sjukehus.

    I forslaget til statsbudsjett heiter at regjeringa har merka seg at Helse Midt-Noreg har søkt om eit investeringslån på 840 millionar kroner.

    På bakgrunn av den samla budsjettsituasjonen må lån til prosjektet forskyvast i tid, står det i kommentarane til forslaget.

    Helse Midt-Noreg blir likevel bedne om å halde fram med planlegginga av prosjektet.