Statsbudsjett 2020 Møre og Romsdal

  • – Dette må være en feil

    Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik mener det må være feil at Møre og Romsdal ikke får mer penger til tunnelsikring i statsbudsjettet for 2020. Rogaland, Nordland og Troms og Finnmark får økt kompensasjon, Vestland får redusert kompensasjon mens det bare er mindre endringer for resten av fylkene. I et notat til fylkestinget som starter mandag,skriver Guttelvik at Møre og Romsdal fylkeskommune har onfattende, gjenstående behov for penger til tunnelsikring, for å kunne tilfredstille kravene i forskriften.

    Reingjering i tunnelar
    Foto: Kjell Haukeberg / Statens Vegvesen
  • Skuffa over manglande kutt

    NHO-direktøren i Møre og Romsdal, Torill Ytreberg, reagerer på at regjeringa ikkje vil kutte i formuesskatten. I regjeringa sitt forslag til statsbudsjett som blei lagt fram i går, blir denne skatten ståande uendra. – Dette er eit løftebrot frå regjeringa, seier ein skuffa Ytreberg. Ho fryktar at dette var siste sjansen for å få gjort noko med denne skatten fordi det neste statsbudsjettet blir eit budsjett for valåret 2021.

    NHO-direktøren i Møre og Romsdal, Torill Ytreberg
    Foto: NRK
  • Kritisk til sukkeravgift

    – Det er svært beklageleg at regjeringa ikkje høyrer på kva næringslivet ønskjer, seier stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp). Ho reagerer på at sukkeravgifta på brus blir beheldt i forslaget til statsbudsjett. Dette rammar lokale brusprodusentar som Oskar Sylte i Molde, meiner Klinge. – Det fører til dårlegare vilkår for norske saft- og brusprodusentar. Oskar Sylte har sjølv har vore tydeleg på at dette truar arbeidsplassar lokalt, og dette gjeld fleire stadar i landet, seier ho.

    Senterpartiets landsmøte 2017.
    Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix
  • Føler presset

    Fleire av vegprosjekta i her i fylket som er prioritert i Nasjonal transportplan (NTP), ligg førebels på vent. I regjeringa sitt forslag til statsbudsjett som blei presentert i går, fekk E39 Betna-Stormyra pengar til byggestart neste år. No er ambisjonen å få sett i gang fleire vegprosjekt, seier leiaren i Stortinget sin transportkomite, Helge Orten (H). Orten peikar mellom anna på E136 gjennom Romsdal som han føreset at får pengar i 2021-budsjettet. I Møre og Romsdal er forventningane til vegsatsing store, og Orten vedgår at han kjenner presset. – Vi må prøve å gjennomføre NTP på best mogleg måte, for det er det vi har sagt vi skal gjere. Det er viktig å kjenne på det presset og sørge for å følgje opp sakene med regjeringa og departementa, for å få løyvingar til die prosjekta som er viktige for innbyggarane våre, seier han.

    Helge Orten
    Foto: Erlend Hykkerud / NRK
200 millionar kroner frå statsbudsjettet til Betna -Stormyra på E39.