Statsbudsjettet for 2019 legges frem i dag. Våre gjester i studio kommenterer dagens begivenheter

Statsbudsjett 2019 Møre og Romsdal

Oppsummert

Måndag 8. oktober klokka 10.00 legg Solberg-regjeringa fram sitt forslag til statsbudsjett for 2019. Her finn du oppdaterte meldingar knytt til framlegget.

  • – Sukkeravgifta er meiningslaus

    Fleire av politikarane på borgarleg side i fylkestinget i Møre og Romsdal ønskjer å få fjerna sukkeravgifta. Avgifta rammar saft- og brusprodusentane og Oskar Sylte Mineralvann i Molde har gått til kraftig åtak på regjeringa. KrF-politikar Knut Støbakk meiner avgifta er meiningslaus og peikar på at den rammar viktige bedrifter i distrikta. Frank Sve frå Frp meiner sukkeravgifta er ufornuftig.

    Knut Støbakk og Frank Sve
    Foto: Trond Vestre / NRK
  • Helseplattforma i statsbudsjettet

    Helseplattforma i Helse Midt-Noreg blir finansiert i regjeringas forslag til statsbudsjett. Det er sett av 575 millionar kroner samla i lån og tilskott for ein felles elektronisk pasientjournalløysing for spesialisthelseteneste, kommunar og fastlegar. Administrerande direktør Stig Slørdahl i Helse Midt-Norge seier han er svært glad for at dei økonomiske rammevilkåra for Helseplattforma no kjem på plass.

Hvem får en bit av kaka? Og hvem tar regninga? Svaret får du her.

Dette er lekkasjene om statsbudsjettet

Finansminister Siv Jensen ville ikke røpe noe fra statsbudsjettet i dag tidlig.