Hopp til innhold

Dødsulukka i Brusdalen: Skuldspørsmålet vil bli vurdert på nytt

Klager frå pårørande etter dødsulukka i Brusdalen 27. august i fjor, gjer at Statsadvokaten no skal vurdere skuldspørsmålet på nytt. Politiet hevdar det hadde skjedd uavhengig av TV 2 sine avsløringar.

Ulykke i Brusdalen

Ulukka i Brusdalen skjedde 27. august 2013. Maren Rebekka Otterlei (49) mista livet i ulukka.

Foto: Øyvind Hagerup

– Det er ikkje TV 2 sine «avsløringar» som ligg til grunn for at det blir tatt ytterlegare etterforskingsskritt.

Det seier kommunikasjonsrådgjevar i Sunnmøre politidistrikt, Eli Ann Tvergrov.

Eli Anne Tvergrov

Eli Anne Tvergrov, kommunikasjonsrådgjevar i Sunnmøre politidistrikt, seier skuldspørsmålet hadde blitt tatt opp på nytt uavhengig av TV 2 sine avsløringar.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Det var i gang som ein prosess før TV 2 kom inn i bildet. Så saka hadde blitt behandla på nytt uavhengig, ja, svarer Tvergrov på spørsmål frå NRK.

TV 2-journalist Pål Bakke viser til nyheitssjef Arne Rovick for kommentar.

– Trur du skuldspørsmålet hadde blitt vurdert på nytt uavhengig av TV 2?

– Det blir veldig vanskeleg for meg å spekulere i, opnar Rovick, før han held fram:

– Men vi registrerer at politiet – etter å ha fått hard kritikk i media gjennom fleire dagar – no bestemmer seg for å kommentere dette. Dei burde kome på bana langt tidlegare, meiner nyheitssjefen.

– Ikkje nådd fram

Tvergrov i politiet seier at TV 2 frå starten av har ønskja å gå inn på heilt enkelte element og små detaljar.

– Vi ønskjer å kommentere, men det kan vi ikkje no. Det går ikkje for oss å gå inn i detaljane når saka er under etterforsking, seier kommunikasjonsrådgjevaren til NRK.

Ho meiner dei ikkje har nådd fram til TV 2 undervegs med denne informasjonen. På nytt spørsmål svarer Tvergrov tydeleg «ja» på at skuldspørsmålet hadde blitt vurdert på nytt uavhengig av TV 2.

– No må prosessane få gå som dei skal i ei straffesak. Vi kan ikkje gå inn i alt det som media ønskjer. Vi finst og er klar over ein del ting, men vi kan ikkje gå djupt inn i detaljar.

TV 2 på si side seier politiet har fått høve til å kommentere saka lenge. Også lenge før dei publiserte sine avsløringar.

– Og eg beklagar veldig at politiet i Ålesund ikkje har nytta seg av den moglegheita, seier nyheitssjef Rovick – som står fast på at dette er ei avsløring.

– Det er TV 2 som har fortalt at politiet har gjort seg skuld i ei grov feilvurdering, ei tabbe der dei la skulda på ein person som var avdød – og som då ikkje hadde skulda likevel. Det er viktig at slike saker kjem fram, at folk får sanninga. Det er det vi journalistar strebar etter.

Rovick meiner kvar enkelt sjåar og lesar får gjer seg opp si eiga meining.

Unni Moen Vikebakk

Fungerande politimeister i Sunnmøre politidistrikt Unni Moen Vikebakk.

Foto: Frode Berg / NRK

Politiet beklagar

Skuldspørsmålet etter dødsulukka i Brusdalen blir altså no vurdert på nytt igjen av Riksadvokaten, via Statsadvokaten i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Det opplyste Sunnmøre politidistrikt om i ei pressemelding torsdag ettermiddag.

– Det har kome klage på at saka er lagt bort og skuldspørsmålet er difor ikkje endeleg avgjort. Som ei følgje av dette kan vi dessverre ikkje uttale oss om enkeltting og bevisvurderingar i saka, seier fungerande politimeister Unni Moen Vikebakk i pressemeldinga.

Det var småbarnsmora Maren Rebekka Otterlei (49) som omkom i ulukka, og politiet og Statens vegvesen konkluderte feilaktig at bilen ho køyrde kom over i feil køyrebane.

Saka blei rulla opp i media av TV 2 førre veke. No blir det altså tatt ytterlegare etterforskingsskritt i straffesaka etter nye opplysningar, seier politiet.

– Vi har fått kritikk frå pårørande om at dei ikkje blei møtt på ein god nok måte då dei vende seg til oss. Dette beklagar vi. I slike alvorlege hendingar skal det stå sentralt å få til ein god kommunikasjon og oppfølging av dei pårørande, seier Moen Vikebakk i pressemeldinga.

Sunnmøre politidistrikt ønskjer vidare å uttrykke at dei forstår belastninga for dei involvert, og då særleg for dei pårørande til avdøde Otterlei.

En omkom i bilulukke i Brusdalen

To bilar var involvert i ulukka.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL