– Dette er ein stor dag for Statoil, slår Øystein Michelsen fast.
– Vi tek eit nytt viktig skritt nordover. Vi styrkar driftsmiljøet vår i Harstad, der dette feltet skal drivast frå.
Michelsen er direktør på norsk sokkel i Statoil. I dag overleverte han og Statoil planane for Aasta Hansteen-feltet til Oljedirektoratet.
Dagen markerer Statoil si nye storsatsing i nordområda.
- Les også:
- Les også:
Portrett av Aasta Hansteen i 1903. Ho var ein norsk malar, forfattar og kvinneforkjempar.
Foto: Nina Skurtveit / NRKGassleidning frå nord til Aukra
Og det er inga lita satsing.
Om lag 60 milliardar kroner blir investert i ein gigantisk flytande plattform og ei 500 kilometer lang gassrøyrleidning frå feltet til Nyhamna i Aukra.
– Det er ein såkalla Spar-plattform. Det er ein stor ståltank forankra på 1300 meters vassdjupne. Det er den første store plattform-djupvass-utbygginga på norsk sokkel, fortel Michelsen til NRK.
Aasta Hansteen-feltet kjem i drift mot slutten av 2017, og skal vere i produksjon i fleire tiår.
Plattform på Aasta Hansteen-feltet.
Foto: Aker Solutions– Handterer risikoen
Feltet ligg derimot nære sårbare felt i Lofoten.
– Det vil alltid vere ein risiko, men vi meiner vi kontrollerer og handterer denne risikoen på ein forsvarleg måte, avsluttar Statoil-direktøren.
Gassen frå Aasta Hansteen-feltet blir ført til Nyhamna i Møre og Romsdal. Truleg vil også fleire felt hekte seg på leidningen.
Sjå og høyr historie om Aasta Hansteen, Nyhamna og Aukra under: