Hopp til innhold

Statkraft får bygge saltkraftverk

Statkraft har fått løyve til å byggje saltkraftverk på Sunndalsøra. Anlegget skal være eit utviklingsprosjekt for saltkraftteknologi.

Illustrasjon av saltkraftverk

Slik skal eit saltkraftverk fungere.

Foto: NRK

Førebels vil anlegget ha minimal betydning for sjølve kraftforsyninga. Anlegget skal setjast opp først og fremst for å utvikle teknologien på ei ny form for fornybar energi.

Torbjørn Steen

Torbjørn Steen er kommunikasjonssjef i Statkraft.

Foto: Per Thrana / Statkraft

– Vi er svært glade fordi vi har fått denne konsesjonen. No skal vi detaljplanleggje pilotanlegget, seier kommunikasjonssjef i Statoil Torbjørn Steen.

NVE har gitt konsesjonen fordi anlegget skal kunne gje verdfull kunnskap og erfaring av nasjonal og internasjonal betyding innanfor utvikling av ny fornybar energiteknologi.

Slik NVE ser det, er plasseringa godt eigna for formålet, og tiltaket er plassert gunstig i forhold til eksisterande infrastruktur. Produksjonsanlegget vil vere plassert i eit fabrikkbygg på omlag 9000 m2.

Med løyvet frå NVE er vi klar til å ta det neste steget når det gjeld utvikling av saltkraft. Vi er leiande i verda på å utvikle dette. Og vi ønskjer å medverke til å kommersialisere denne teknologien, seier Steen.

Energiproduksjonen baserer seg på kraftpotensialet mellom fersk- og saltvatn, der ferskvatn blir henta frå utlaupet av Aura kraftverk og saltvatn vil bli henta frå Tingvollfjorden.

Anlegget er forholdsvis lite. Det kjem til å ha minimal betydning for kraftforsyninga.

I denne omgang handlar dette om utvikling og forsking. Det er også ein del som skal på plass før vi avgjer endeleg om vi kjem til å byggje pilotanlegget. Vi må utvikle teknologien meir, og vi må greie ut dei økonomiske sidene ved dette, seier Steen. Han legg til at det kan gå eitt eller to år før Statkraft tek endeleg stilling til om anlegget skal byggjast.

Etter NVEs vurdering er det liten risiko for at tiltaket vil medføre vesentlege verknader for naturmiljøet, verken marint eller på land. NVE har vurdert tiltaket til ikkje å medføre vesentlege ulemper for øvrige allmenne og private interesser.

Membran til saltkraftverk

Slik fungerer saltkraftverket, med ferskvatn på den eine sida, og saltvatn på den andre sida av membranen.

Foto: NRK