Hopp til innhold

Statkraft droppar kjempeturbin

Statkraft kjem likevel ikkje til å bygge ein stor test-turbin på Haugøya på Smøla, skriv Teknisk Ukeblad. Selskapet varslar at dei ikkje vil investere i nye havvindprosjekt og difor blir det ikkje noko av vindmølla med ei tårnhøgde på 130 meter og ein maksimal rotordiameter på mellom 160 og 180 meter. – Smøla går dermed glipp av ein spennande aktivitet og auka kompetanse, seier ordførar Roger Osen (Ap). Han håper andre aktørar kan ta over prosjektet.