NRK Meny
Normal

Vegvesenet bommar på bompengetida tre av fire gongar

I tre av fire bompengeprosjekt dei siste åtte åra har Statens vegvesen rekna for lang nedbetalingstid.

I tre av fire bompengeprosjekt dei siste åra har Statens Vegvesen beregna for lang nedbetalingstid.

Bommar på bompengetida

Eiksundsambandet som knyt saman kommunane på Søre Sunnmøre og gjorde ferja til historie, vart opna 23. februar i 2008. 14 år skulle det etter planen ta å betale ned fastlandssambandet med bompengar, men etter berre fem år har ein byrja å gle seg over at bompengeperioden nærmar seg ein ende. Om få månader er sambandet nedbetalt.

Slik er det for fleire bompengeprosjekt rundt om i landet. Nesten tre av fire vegprosjekt har blitt betalt ned før tida dei siste åtte åra, viser tal frå Vegdirektoratet.

Forsiktige prognosar

– Vi har nok litt forsiktigare trafikkprognoser enn kva det har vist seg i verkelegheita, seier Leif Magne Lillebakk. Han er seksjonsleiar i Statens vegvesen.

Roald Fiksdal

Roald Fiksdal er kritiske til dei forsiktige utrekningane. Han meiner det forsinkar utbyggingane.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Han meiner at det låge rentenivået over mange år, er ei av årsakene til at bompengeprosjekta har vorte nedbetalt tidlegare enn planlagt. Trafikken aukar meir enn føresett og ein har klart å halde seg innanfor dei økonomiske rammene.

Trur det tar kortare tid

I Vestnes er bygginga av Tresfjordbrua i gong. Sommaren 2015 skal denne brua og Vågstrandtunnelen stå ferdige. Statens vegvesen meiner det vil ta 15 år å betale ned gjelda. Det trur ikkje Roald Torstein Fiksdal, som i årevis har vore ein av pådrivarane for å få realisert prosjektet.

– Det vil ikkje forundre meg at det vil bli nedbetalt om 10 år, seier Roald Fiksdal.

Tresfjordbrua

Tresfjordbrua skal stå ferdig i 2015.

Foto: Illustrasjon: Per Tormod Nilsen/Multiconsult AS

Han er leiar i Vestnes næringsforum. og trur trafikken vert mykje større enn det Statens vegvesen har kalkulert med. Dessutan har dei skaffa seg lån som berre kostar halvparten av det som ligge inne i budsjettet.

Forsinkar bygginga

Han har vore i tallause møter der ein har diskutert kva som var dei riktige tala, før det endeleg vart vedteke i Stortinget i mai 2012.

– Eg vil ikkje stilling til om det er naudsynt å vere så forsiktig i trafikkkalkylene, men det er med på å forsinke utbygginga. Det er det ingen tvil om, seier Fiksdal.

Nedlagte bompengestasjoner 2005-august 2013

Bompengeprosjekter

Innkreving avsluttet

Opprinnelig forutsatt

Fv Skodjebrua/Stramsbrua

2011

2019

Fv 207 Bjorøy

2005

ca 2010

E39 Teigen-Bogen

2011

2017

Rv64 Skålavegen

2005

2010

E39 Nordhordalandsbrua

2005

2008

 Rv 755 Skarnsundbrua

 2007

 2010

 E39 Rennfast

 2006

 2008

 Rv5 Fodnes-Mannhiller

 2009

 2011

 Rv714 Hitra-Frøya Fastl.samband/Dolmsundet bru

 2010

 2012

 Hovedvegutbygging Trondheim

 2005

 2005

 Rv17 Helgelandsbrua

 2005

 2005

 Rv 61 Hareid-Sulesund

 2007

 2007

 Rv108 Hvaler/Utgårdskilen

 2009

 2008/2009

 Rv 658 Ålesundstunnelene

 2009

 2009

 E69 Kåfjord-Honningsvåg

 2012

 2014

E39 Krifast

2012

2012

E39 Trekantsambandet

2013

2016