Tingretten har dømt Staten til å betale 4,2 millionar kroner i erstatning til grunneigar Torill Helene Molnes frå Vigra. I dag anka staten domen.
Torill Helene Molnes lagar kunst av stein frå si eiga strand. Foto: NRK.
Naturreservat
Molnes lagar pyntegjenstandar av rullestein frå eiga fjøre, men etter at området blei gjort om til naturreservat får ho ikkje bruke steinane som ho vil. Difor gjekk Molnes til sak med krav om erstatning frå Staten.
Staten ankar
Då Torill Helene Molnes vann fram i Tingretten venta ho med å sleppe jubelen laus. Ho visste med seg sjølv at staten kunne anke. Og i dag er den saka klar: Staten vil ikkje betale, og ankar domen.
Kunst
Torill Helene Molnes lever av gjenstandane ho lagar av stein, enten det er lysestakar, blomstervasar eller steintroll. Ho eig fjøra sjølv, men problemet er at området Molnes har fått status som naturreservat med svært strenge vernereglar.
Erstatning
Blant anna betyr det at ho ikkje får plukke med seg steinane fra fjøra. Ho gjekk til sak fordi ho meinte Staten skulda henne pengar for tapt arbeidsforteneste for resten av den yrkesaktive perioden.
- 4,2 millionar kroner i erstatning er en siger, sa Torill Helene Molnes til NRK Møre og Romsdal då ho vann fram i Tingretten. Men eg fryktar at Staten vil anke,sa ho.
Staten har gjordt stranda til naturreservat. Det er ikkje lov å fjerne ein einaste stein. Foto: NRK.