Hopp til innhold

Pensjonistforbundet startar ringedugnad for å hjelpe isolerte eldre

Mange eldre er ekstra sårbare for både koronasmitte og isolasjon. No vil Pensjonistforbundet sette i gang ein stor ringedugnad for å hjelpe dei.

Mellvin Steinsvoll fylkesleder Pensjonistforbundet

DUGNAD: Mellvin Steinsvoll er bekymra for alle eldre som er åleine no.

Foto: Gunnar Sandvik

– Vi er mest bekymra for at dei ikkje har noko sosialt å gle seg til. Det er mange som sit åleine rundt omkring, seier Mellvin Steinsvoll, sentralstyremedlem i Pensjonistforbundet.

Mellvin Steinsvoll, Nesset Arbeiarparti

Mellvin Steinsvoll har kalla inn til telefonstyremøte i Møre og Romsdal pensjonistforbund for å sette i gang ringedugnaden i lokallaga.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ekstra sårbar gruppe

Dei er uroa over alle eldre som no mister sitt daglege nettverk. Dei trur det er mange som er i denne situasjonen, og har no utvida opningstidene på sin bekymringstelefon på grunn av koronautbrotet.

  • Nummeret 94 85 60 04, er no open sju dagar i veka frå 8–20.

Men leiaren i Møre og Romsdal pensjonistforbund, Mellvin Steinsvoll trur ikkje det er nok. Han er djupt uroa for dei titusenvis av eldre som sit isolert, utan nettverk og høve til å kome seg ut.

No mobiliserer han lokallaga i Møre og Romsdal for å starte ein stor ringedugnad for å aktivt nå ut til alle eldre rundt om i bygder og byar, og han håper ringedugnaden kan bli nasjonal.

– Eg trur det er ein høg terskel for mange å ringe eit nummer. Det er ikkje så lett å be om hjelp til framande. Difor skal vi ringe til våre medlemmer og spør dei om dei treng hjelp, seier han.

Han håper også at dette er noko alle i samfunnet vil ta tak i.

– Det er sjølvsagt ikkje berre i organisasjonslivet vi skal gjere dette no. Alle bør ta kontakt med nokon dei veit er åleine – og av smittevernomsyn bør det sjølvsagt skje per telefon, seier han.

Er på gråten

Solveig Nytun

Heile det sosiale livet til Solveig Nytun er no borte.

Foto: privat

Det er også mange pårørande som er fortvila og bekymra no. Mange av dei kan heller ikkje besøke sine næraste på grunn av karantenereglar eller smittefare.

– Eg synest det er veldig sårt. Eg er på gråten no når eg snakkar om det, seier Sissel Nytun.

Ho bur i Grimstad, 80 mil unna mora si i Ålesund, den andre søstera som kan ta seg av den 85 år gamle mora, bur i Bergen. No kan ingen av dei besøke henne på grunn av koronasmitte og karantenereglar.

Sissel Nytun poster pakke til mor Solveig Nytun.

Sissel Nytun er uroleg for mor si Solveig Nytun i Ålesund, og i dag sende ho henne ei oppmuntring i posten frå Grimstad.

Foto: Privat

Mora Solveig Nytun er ein aktiv 85-åring, som til vanleg går i kyrkja, i kor og på seniorsenteret. No er det sosiale livet brått heilt vekke.

Kort til mamma fra Sissel

Sissel Nytun frå Grimstad sender dette kortet til mor si, Solveig Nytun i Ålesund.

Foto: Privat

– Eg synest det er trasig at alt stoppar opp. Men vi må nok berre innrette oss etter reglane. Det blir vel ikkje korøving eller noko framover. Eg er redd vi skremmer kvarandre for mykje, og håper det går fort over, seier ho.

Sissel Nytun ringer mor si kvar dag, men ho er uroleg fordi ho veit at ho ikkje kan besøke henne.

– Difor tok eg kontakt med ei hjelpegruppe som er oppretta, men eg lurer jo litt på om det er trygt også. Det hadde berre vore fint å vite at nokon var der for henne om noko akutt skulle oppstå, seier ho.