Hopp til innhold

Han levde eit liv i «rennesteinen». No hjelper han folket på Fillippinane

Det er 12 år sidan Sverre Blindheimsvik sa farvel til eit liv i rus. No arbeider han for dei fattigaste på Filippinane. – Mange miste alt dei hadde under tyfonen, seier han.

Sverre Blindheimsvik

Ein gong var det rusen som betydde aller mest for Sverre Blindheimsvik. Både i Langevågen og i Ålesund hugsar mange han som ein mann med store rusproblem. Han kom seg ut av det. No hjelper han dei fattigaste på Filippinane. For 12 år sidan kom han til Evangeliesenteret og livet hans blei fullstendig forvandla.

Foto: Terje Reite / NRK

I dag takkar Sverre Blindheimsvik hjelparane sine. Han takkar dei som hjelpte han ut av rusen, og sette han i stand til å hjelpe andre. Og han ser på sin eigen tilstand som eit under.

– Eg er så takksam fordi folk aldri gav opp. Då eg var lengst nede kom dei til meg. Dei bad for meg og dei gav meg mat. Dei kom uansett korleis vêret var, og kom igjen og igjen. Eg er så takksam, seier Sverre Blindheimsvik.

– Dei har mista alt

Sverre Blindheimsvik er heime i Langevågen på Sunnmøre. Men han har også ein annan heim. Han held til på øya Bohol, aust for Cebu og like sør for Tacloban som er så hardt råka av tyfonen.

Mange har mista alt. Og infrastrukturen er øydelagt. Vi har kjenningar i det hardast råka området. Og vi kjem ikkje i kontakt med dei, fortel Blindheimsvik til NRK.

Mobiliseringskyrkja

Sverre Blindheimsvik la bort planane om å byggje sitt eige husvære på Bohol. I staden bygde han ei kyrkje. Kyrkja har omsorga for 36 fattige familiar.

Foto: Sverre Blindheimsvik

Jordskjelv i oktober

Øya Bohol ligg noko sør for det mest råka området. Likevel er også Bohol i ruinar. I midten av oktober blei dette området råka av eit sterkt jordskjelv. Folk miste heimane sine. Til og med ei kyrkje som har stått sidan 1600-talet blei øydelagd i jordskjelvet.

Folk på øya vår har levd i telt etter jordskjelvet. Takk og pris for at desse slapp å oppleve denne tyfonen. Det ville ha blitt katastrofalt, seier Blindheimsvik.

Men også folket på Bohol har fått store vanskar som følgje av tyfonen lenger nord. For straumforsyninga kjem frå dei tyfonråka områda.

Tidleg på åttitalet blei det lagt ein kraftig straumkabel frå øya som Tacloban ligg på og over til Bohol. All straumen i området blir produsert på den øya. Ingen veit når straumen kjem tilbake.

Blindheimsvik

Sverre Blindheimsvik har fått seg familie. Her er han saman med dottera Solveig og kona May Ann.

Foto: Terje Reite / NRK

– Dei har det forferdeleg

Men folket på hans eiga øy, Bohol, har det langt på veg betre no, enn folket kring Tacloban og dei andre mest tyfonherja områda. Difor er det tyfonoffera han no vil starte innsamling for.

– Folket der har det forferdeleg no. Dei har det tøft, og dei treng hjelp.

– Korleis er det å site i Noreg å sjå korleis dei har det der nede?

– Vi kjenner folk i området. Vi har ikkje fått kontakt med dei. Det er tøft. Og eg føler for at eg eigentleg skulle ha reist nedover.

– Men du sit ikkje berre på baken og tvinnar tommeltottar, akkurat ...

– Nei, Vi har prosjektet vårt i Bohol. Og gjennom dette prosjektet startar vi no ein innsamlingsaksjon. Vi startar på forsamlingshuset Betel i Langevåg, og alt som kjem inn skal gå til ofra etter tyfonen. Dei MÅ ha hjelp no.

Sverre Blindheimsvik

Dette er Sverre Blindheimsvik i unge år. Han byrja å prøve rusmiddel, og i fleire år låg han langt nede for rusen. Det har no gått 12 år sidan han blei rusfri.

Foto: Privat

Samarbeid med andre organisasjonar

Når Sverre Blindheimsvik set i gang ein innsamlingsaksjon, er dette ikkje noko einmannsprosjekt. Innsamlinga går gjennom «Mobiliseringskyrkja» som han har etablert på Bohol. Og han kjem til å samarbeide med andre organisasjonar som driv hjelpearbeid på Fillipinane. Han nemner spesielt organisasjonen til Erlend Johannessen, «Streetlight».

Vi samarbeider med andre organisasjonar som driv i området, og då helst dei litt mindre organisasjonane. Vi trur at vi kan vere eit godt supplement til andre, store, internasjonale hjelpeorganisasjonar, seier Blindheimsvik. Det er viktig for oss at pengane kjem fram dit dei skal, legg han til.

Frå rusmisbrukar til hjelpearbeidar

Sverre Blindheimsvik fortel om livet sitt, der han i ungdomsåra byrja å leike seg med rusmiddel. Han miste kontrollen, og hamna på mange måtar nedst på rangstigen i samfunnet. Redninga hans blei Evangeliesenteret.

Der møtte eg Jesus og fekk eit nytt liv. På Evangeliesenteret blei eg til og med bedd for av folk eg kjende att som folk eg tidlegare hadde kjøpt rusmiddel av i Oslo. Eg hadde fått nok av rushelvetet og ville ut av det.

Du har gjennomgått litt av ei forvandling?

– Ja, eg har opplevd den eine velsigninga etter den andre. No har eg også jobb i Nordsjøen. Eg har fast jobb. Og eg ser at eg kan bruke ressursane mine på å hjelpe andre. Eg trur alle kan gjere meir for å hjelpe andre.

Mobiliseringskyrkja

Mobiliseringskyrkja til Sverre Blindheimsvik ligg i idylliske omgjevnader, rett på stranda, på øya Bohol på Filippinane.

Foto: Sverre Blindheimsvik

Bygde kyrkje

Frå ungdommen av hadde Sverre Blindheimsvik ei utdanning som styrmann. Etter å ha blitt rusfri fekk han seg arbeid om bord i hjelpeskipet «Doulos». Det var under ei av ferdene med dette skipet at han fann ut at han det var på Filippinane han skulle arbeide.

Eigentleg kjøpte eg eigedomen som ein stad eg skulle bu i alderdomen. Men det blei fort klart at dette skulle bli ei kyrkje, fortel han.

– Folk er tvangsflytta

I dag er «Mobiliseringskyrkja» ei kyrkje i full aktivitet. Kyrkja har tilsett både pastor og ein ungdomsarbeidar. I samarbeid med helsestyresmaktene på øya gjev kyrkja eit spesialtilbod til 36 familiar.

Øya Bohol er mellom anna busett av folk som er tvangsflytta frå Cebu. Det er slik det går føre seg når det for eksempel skal byggjast nytt kjøpesenter i eit område der det før var slum. Helsestyresmaktene har plukka ut 36 av dei mest hjelpetrengande familiane, og vi tek oss av desse, seier Blindheimsvik.

Sverre Blindheimsvik har sett nauda, både i Noreg og ute i den store verda. Og han har sett kva rikdomar nordmenn har.

Folk kan no tenkje seg Noreg nokre tiår tilbake. Der har vore tider då også vi i Noreg trengde hjelp. No er vi i Noreg rike. Og vi har meir enn vi treng. Vi MÅ dele med andre, seier han.

Liklukt Tacloban

Dette er på Tacloban etter tyfonen. Det ligg ei sterk liklukt over området.

Foto: Dita Alangkara / Ap

– Dei treng hjelp NO

No oppmodar Sverre Blindheimsvik om å vere med og hjelpe folket på Filippinane. Sjølv dreg han i gang ein aksjon på forsamlingshuset Betel i Langevåg i helga.

Folket i desse områda har ingenting. Mange av dei er desperate. Nokre vel å bli kriminelle, for dei har ikkje noko alternativ. Dei er utan mat, dei er utan vatn, dei manglar straum og svært mange har ikkje tak over hovudet. Dei er fullstendig på bar bakke og dei treng hjelp, konkluderer Sverre Blindheimsvik.