Hopp til innhold

Startar ikkje nytt søk søndag

Det vert ikkje sett i gang nye søk i Tingvoll, der ein jeger fekk eit mayday-signal på jaktradioen sin laurdag kveld.

Meisingset

– Vi har ikkje fått meldingar om nye mayday-signal i løpet av natta. Vi har heller ikkje fått melding om at nokon skal vere sakna i det aktuelle området. Difor har vi i samråd med Hovudredningssentralen avgjort at vi ikkje vil starte opp nye søk søndag, seier Tove Anita Asp, operasjonsleiar i Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Politiet vil ikkje starte opp at søket, med mindre dei får ny informasjon, fortel Asp.

– Nei. Vi ventar og ser an situasjonen til vi eventuelt får nye opplysningar som kan tyde på at nokon er sakna. Området signalet kom frå er rett og slett for stort til at vi kan starte opp leitinga utan nye meldingar. Det blir som å leite etter nåla i høystakken, seier ho.

Mayday-signal

Det var i 18.30-tida laurdag kveld at ein jeger på Åsprongmyran ved Meisingset i Tingvoll kommune skal ha mottatt eit mayday-signal på jaktradioen, og det vart difor sett i gang eit luftsøk med Sea King- helikopter i området.

Klokka 20.00 valde politiet, i samråd med Hovedredningssentralen i Sør-Norge, å avslutta søket.

– Vi har gjennomført eit grundig luftsøk, men har ikkje sett teikn til nokon, og har difor valt å avslutte søket, sa Siri Engdahl, operasjonsleiar i Nordmøre og Romsdal politidistrikt til NRK like etter klokka 20.00 laurdag.

– Vi har også prøvd å få kontakt gjennom jaktradioen, men har ikkje fått noko svar, held ho fram.