Hopp til innhold

Startar brannetterforsking over helga

Ein familie på fem i Herøy vart huslause nyttårsaftan etter brann. Først over helga startar politiet etterforskinga.

Brann i Herøy i natt
Foto: Kjartan Våge

Det var like etter klokka 20.00 på nyttårsaftan at politiet fekk melding om husbrannen. Då naudetatane kom til staden var huset allereie overtent.

Dei to vaksne og tre borna som budde der var på besøk hos naboar, og miste alt dei eigde i brannen.

Fredag formiddag seier lensmann Hilde Aglen ved Herøy og Sande lensmannskontor at etterforskinga vil starte over helga.

Dei miste alt i brannen

Familien har mist alt i brannen. Her er mor Nadia Shohani (38) med dottera Donya til venstre og dottera Ezhar til høgre.

Foto: Kjartan Våge

– Vi har så langt ikkje hatt kapasitet til å undersøke åstedet, så dette vil bli gjort enten mandag eller tysdag neste veke. Området kring huset vil vere sperra fra til politiet har fått gjort sine tekniske undersøkingar, seier Aglen.

Ho opplyser at brannårsaka enno ikkje er kjend.

Familien frå Irak prisar seg lukkeleg over at dei ikkje var heime.

– Det var heilt forferdeleg. Det å sjå huset brenne ... eg finn ikkje ord, sa Nadia Shohani (38) til NRK torsdag. Dei kom til Noreg for 11 år sidan og kjøpte det eldre huset i Herøy for tre år sidan. No var dei ferdige med oppussinga av fasaden, og skulle til å begynne renovering innandørs. Så langt kom dei ikkje.

Brannen var sløkt etter tre timar, men blussa opp att om natta. Først på morgonkvisten 1. nyttårsdag kunne brannvesenet trekkje seg tilbake.

Hus totalskadd i Herøy