Hopp til innhold

Her kan du plukke hundebæsj og vinne premie

Når snøen smeltar, dukkar bæsjen opp. Hundeeigar Ole Morten Størseth i Kristiansund er lut lei sytinga og starta difor konkurranse i å plukke hundedrit.

Hundebæsj i Sykkylven

På Sørestrandvegen i Sykkylven dukkar det opp hundebæsj når snøen forsvinn.

Foto: Berenika Zofia Grabowy

På fortau, gater, stiar og råser ligg hundebæsjen. I sosiale medium er folk rasande på hundeeigarane. Ole Morten Størseth i Kristiansund er lei av all kjeften og alle bileta av hundebæsj.

– Å klage over at det ligg bæsj overalt løyser jo ikkje problemet. Eg sette difor i gang ein konkurranse, seier Størseth. Slik vil han påskjøne dei som gjer noko bra, i staden for å straffe dei som ikkje plukkar opp etter hunden sin.

Kan innehalde parasittar

Den ivrige hundeeigaren oppmodar alle i nærområdet å plukke alt dei kan for å vere med i trekninga av eit gåvekort og gratis vaksine til hunden.

– Det er ikkje berre at hundedriten er ubehageleg å trakke i. Den kan vere farleg for dyra, sidan den kan innehalde parasittar og andre sjukdomar, seier Størseth.

Ole Morten Størseth på tur med hund og hundebæsjpose.

Ole Morten Størseth kom på ideen om å lage konkurranse i å plukke hundebæsj. Han er administrator for fleire Facebooksider og vart lei av alle som posta bilete av hundebæsj i gatene.

Foto: Ida Mikalsen

Flaue hundeeigarar

Og konkurransen har breidd seg. På Sunnmøre har Sykkylven hundeklubb blitt inspirert til å gjere det same.

– Det er vanleg å ha dugnad for å plukke søppel. Då kan vi like gjerne ha dugnad på å plukke hundebæsj, seier Silje Hausvik. Ho håper at dei som ikkje plukkar opp etter seg blir litt flaue når dei oppdagar konkurransen.

– Dei fleste hundeeigarar er ansvarlege og plukkar opp, seier Hausvik.

Silje Hausvik plukkar hundebæsj ved ein tursti på Aursneset i Sykkylven

Silje Hausvik er instruktør i Sykkylven hundeklubb. Dei blei inspirert til å sette i gang sin eigen hundebæsj-konkurranse.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

Laga instruksjonsvideo

Bente Elvebu i Hareid på Sunnmøre er så frustrert over hundebæsjen som ligg overalt at ho like godt har laga ein video på Facebook der ho viser korleis hundeposane skal brukast. Ho er sjølv hundeeigar, men blir forbanna når folk ikkje plukkar opp bæsjen, og meiner det set alle hundeeigarar i et dårleg lys.

I etterkant har ho fått stor respons på videoen.

– Det har vore valdsamt. I går trefte eg nokon på butikken som eg ikkje kjenner, men eg såg på måten dei smilte på at dei sikkert tenkte: «Det er ho med den sinte bæsje-filmen», ler Elvebu.

Bente Elvebu laga denne instruksjonsvideoen til hundeeigarar etter å ha blitt rasande over all hundebæsjen på Overåsanden i Hareid.

Bente Elvebu laga denne instruksjonsvideoen til hundeeigarar etter å ha blitt rasande over all hundebæsjen på Overåsanden i Hareid.

Sparkar bæsj i grøfta

I Kristiansund håper Ole Morten Størseth at gatene blir reinare etter konkurransen og at fleire i landet hiv seg med. Sjølv prøver han å unngå å bruke hundeposar dersom det går.

– Eg er stor fan av å sparke bæsjen i grøfta. Eg vil helst ikkje bruke så mykje plast, men det er jo avhengig av kor du er, seier Størseth.