NRK Meny
Normal

Starta eigen kino i Tingvoll

Då kinoen i bygda blei lagt ned tok filmglade innbyggjarar saka i eigne hender. Søndag var det filmpremiere for Tingvoll kinolag.

Wanda Tiersma og Synnøve Nes

Med Kaptein Sabeltann på plakaten stiller initiativtakarane i fullt piratutstyr.

Foto: Vanja Anita Johansen

Egil Sandvik og Unn Fyllingsnes

Egil Sandvik og Unn Fyllingsnes hadde nok å gjere med billettsalet.

Foto: Wanda Tiersma
På kinoopning i Tingvoll

Peder og Martha Eri var to av mange små piratar på kinoen i Tingvill søndag kveld.

Foto: Synnøve Nes

Og om nokon skulle tvile: Det er stor interesse for kino i Tingvoll. Under premieren måtte dei setje inn ekstra stolar for at alle som ville sjå Kaptein Sabeltann på stort lerret skulle få plass.

– Det var kjempeartig, vi hadde oppfordra ungane til å kle seg ut som piratar og det hadde dei verkeleg gjort, seier initiativtakar Synnøve Nes.

Landets minste?

Med 61 sitjeplassar er Tingvoll kino rett nok ikkje så stor, kanskje til og med minst i landet. Men om plassane er få, er entusiasmen stor. Etter at Synnøve Nes og Unn Fyllingsnes starta arbeidet i mars, har dei fått stor respons frå sambygdingane.

– Det som er så gøy er at det er så mange som vil hjelpe til at vi har folk på liste som ikkje har fått oppgåver enno, seier Nes.

Dei har mellom anna lært opp maskinistar som går i turnus for å halde kinoen open. Nes seier dei er klare over at dei konkurrerer med filmar folk kan sjå heime, ho seier målet er å gjere opplevinga til noko ekstra.

–Vi jobbar også med å tilby ha noko meir enn berre å sjå filmen. Utkledninga søndag er ein del av opplegget vi ønskjer å få til rundt framsyninga. I tillegg vil vi inviterer innleiarar som kan seie noko om filmen eller om tematikken rundt, slik at det som skjer rundt filmen er ein attraksjon i seg sjølv, seier ho.

Prøveprosjekt fram til jul

Og om entusiasmen var stor søndag, er det klart at innbyggjarane i Tingvoll framleis må gjere ein innsats dersom kinotilbodet skal bli verande. Ordninga er nemleg eit prøveprosjekt fram til jul.

– Vi samarbeider med kommunen om å setje opp filmar annankvar søndag. Så evaluerer vi når perioden er over, seier Nes. – Så det betyr jo at folk på Tingvoll må gå mykje på kino, slik at vi har eit godt grunnlag for å drive vidare.