Hopp til innhold

Blei fråstole verdiar til 100 000 kroner

I påska er det mange som reiser på ferie. Politiet oppmodar folk om å vere varsame, etter at familien Roth vart rana for verdiar på over 100 000 kroner.

Tormod Roth og Sander Roth

INNBROT: Tormod og Sander Roth kom heim til eit hus utan sølvtøy, klokker, smykke og andre verdisaker.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy/NRK

Natt til søndag braut tjuvar seg inn i heimen til familien Roth på Ellingsøy i Ålesund. Då familien kom heim fekk dei seg eit sjokk. Alt sølvtøyet var stole, i tillegg til det meste av gullringar, armband, klokker og smykke. Alle skap og skuffer var opna og flytta på. Berre tomme esker låg igjen i hulter til bulter.

– Det har ikkje gått opp for oss enda. Vi har alltid hatt mykje besøk og aldri vore redde for at noko slikt kunne skje. Det undrar meg kor frekke folk kan vere, seier far i huset, Tormod Roth.

Det vil ta tid å kartlegge alt som er stole. Familien reknar med å ha mista verdiar på om lag 100 000 kroner.

Ingen fysiske skadar

Tormod Roth

FAR: Tormod Roth seier at det ikkje har gått opp for familien enda.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy/NRK

Sonen, Sander (16) hadde hatt besøk av kameratar på kvelden. Då dei i eitt-tida på natta reiste inn til Ålesund, låste han dørene og slo av alle lys. Bustaden var utan oppsyn i knappe 12 timar. Det var ingen teikn til innbrot då Tormod og kona, Hilde kom heim.

– Eg trudde først at det var Sander og gjestane som hadde rota, så eg ringde han for å høyre kva som hadde skjedd, seier Tormod. Etterkvart oppdaga dei at tjuvane hadde saumfare heile huset.

Tjuvane hadde brote seg inn gjennom ei altandør i kjellaren. Dei har vore overalt, men heldigvis ikkje øydelagt noko.

Stal påskesnopet

Tekniske gjenstandar som fotokamera, datamaskiner og mobiltelefonar låg igjen. Familien trur at tjuvane var ute etter smeltegods, gjenstandar av høg verdi som kan smeltast om.

– Det låg ein iPad på stovebordet, men den var dei ikkje interesserte i. Dei har heller ikkje teke bunadssølvet og anna lett sølvtøy.

Men midt opp i leitinga, vart tjuvane sugne på noko søtt.

– Til sonen vår sin store irritasjon har tjuvane teke med seg påskesnopet vårt, humrar Tormod.

Unngå at det rammar deg

Familien har meldt innbrotet til politiet i Ålesund, som har sett i verk kriminalteknisk undersøking.

– Vi har ingen mistenkte i saka. Det er fullt mogleg å identifisere gjerningspersonane, men eg kan ikkje seie noko om kor stor sjansen er, seier politioverbetjent, Lars Erik Steinsland.

Det har vore få tjuveri frå einebustadar hittil i år. Vinningskriminaliteten har gått ned, forklarar Steinsland. No i påska er det mange som reiser vekk, og ein bør vere ekstra forsiktig.

– Vi oppmodar alle om å ha oversikt over verdisaker og snakke med naboar når ein skal vekk. Det er også lurt å ha lys på, slik at det ser ut som ein er heime, seier Steinsland.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL