NRK Meny
Normal

Stal tv og 3000 kroner

Det har vore fleire tjuveri i Kristiansund i løpet av natta.

Politi

I løpet av natta har det skjedd fleire tjuveri i Kristiansund.

Foto: OLSEN, LINN CATHRIN / NTB scanpix

Politiet har skjærtorsdag gjennomført åstadsundersøkingar på eit klubbhus i Kristiansund, etter at det tidlegare på dagen blei oppdaga at nokon hadde brote seg inn i lokalet i løpet av natta.

– Innbrotstjuven eller innbrotstjuvane har knust eit vindauge og tatt seg inn i klubbhuset gjennom det, seier Rolf Anders Korstad, operasjonsleiar i Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Der skal det blant anna ha blitt stole ei klubbkasse med 3000 kr og ein tv frå Samsung. Innbrotet skal ha skjedd i løpet av natta, og politiet blei varsla i 12.30-tida torsdag.

Innbrot i ein bil

I løpet av natta har det også vore eit tjuveri frå ein ulåst bil på Skorpa i Kristiansund. Der vart det stole ei handveske som inneheldt bilnøklar og ei lommebok med id-kort og betalingskort. Politiet oppmodar folk til å låse bilane sine.

– Det er enno ikkje noko som tydar på at det er ein samanheng mellom desse sakene, seier Korstad.

Politiet har lite å gå etter i begge sakene, og oppfordrar folk som kan ha opplysningar om å ta kontakt på telefon 02800.