Hopp til innhold

Stal frå dement mor for å pusse opp kjøkkenet

Ein mann frå Romsdal klarte ikkje å motstå freistinga, og forsynte seg grovt av kontoen til den demente mora si. Pengane gjekk mellom anna til oppussing.

Norges lover

Mannen vedgjekk alt då saka mot han nyleg gjekk for Romsdal tingrett.

Foto: Wenche Lamo Hadland / NRK

Det var i januar 2015 mannen i 60-åra begynte å forsyne seg av kontoane til den demente mora si. Ho budde på institusjon, og i fleire år hadde han vore hennar verje. På den måten hadde han også full tilgang til kontoane hennar.

Men ikkje alt var som det skulle.

Pussa opp badet

Ifølgje dommen har mannen tatt ut over 175 000 kroner på litt over eitt år. Mannen hadde dårleg råd og begynte å drikke, og mykje av pengane har ifølgje dommen gått til alkohol. Men det kjem også fram at han ved hjelp av dei stolne pengane fekk råd til oppussing av kjøkken og bad.

Telefon frå Fylkesmannen

Ifølgje dommen var det ein telefon frå Fylkesmannen sommaren 2016 som sette ein stoppar for underslaget. Det var også dei som melde mannen til politiet, då dei oppdaga kva som hadde skjedd med pengane til den demente mora.

Retten ser særleg alvorleg på underslaget fordi det dreiar seg om eit betydeleg beløp og at han braut den særlege tilliten som han hadde som hjelpeverje for mora.

Har korka flaska

I retten forklarte mannen at han slutta å drikke hausten 2015, blei innlagt på sjukehus og behandlingssenter, og fekk hjelp der.

Han vedgjekk det han har gjort, og forklarte at han no vil ta straffa for det.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL