Hopp til innhold

Stal katalysatorar

Ein mann frå Romsdal er fengsla i fire veker, med brev- og besøksforbod i to av dei, sikta for grovt tjuveri. Politiet mistenker at mannen har stole fleire titall katalysatorar. I fengslingsskjenninga vektlegg påtalemyndigheita at mannen er mistenkt for ei straffbar handling som kan føre til ei fengselsstraff på meir enn seks månader. Saka er framleis under etterforsking og det står att avhøyr av vitne. Retten meiner difor at det er ei fare for at mannen vil kunne forspille bevis i saka, blant anna ved å kontakte andre involverte.