NRK Meny
Normal

Stal 240.000 frå firmaets safe

Ein mann i slutten av 30-åra er i Nordmøre tingrett dømt for underslag av fleire hundre tusen kroner.

Norges lover

Mannen er dømt til fengsel i 120 dagar på vilkår for underslag frå firmaet han var dagleg leiar ved.

Foto: Wenche Lamo Hadland / NRK

Det var mellom 2010 og 2011 at den daglege leiaren for eit firma på Nordmøre tok over 240.000 kroner i kontantar frå firmaets safe. Han bestilte også varer til private føremål som firmaet betalte, står det i dommen frå Nordmøre og Romsdal tingrett.

Til saman utgjorde summen nærare 300.000 kroner. Mannen gav ei tilståing utan forebehald i retten.

Retten meiner det er formildande at mannen betalte tilbake store delar av beløpet før underslaget vart oppdaga. Resten av pengane betalte han tilbake etter at forholdet vart oppdaga i juni 2011.

Det er også vesentleg formildande at saka har blitt liggande hos politiet i to år.

Mannen vart dømt til 120 dagars fengsel på vilkår med ei prøvetid på to år.