Hopp til innhold

Stal eksklusive klede i Ålesund

For andre gong på fem månader har det vore innbrot i klesforretninga Chic i Ålesund. Eigar Tine Monsen seier det er opprivande.

Innbrot i klesforretninga Chic

Innbrotet vart oppdaga i dag tidleg. Publikum ber om tips.

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK

I dag tidleg klokka 05.20 vart innbrotet i klesforretninga i Ålesund oppdaga. Tjuvar har knust eit vindauge og kome seg inn. Kor store verdiar dei har fått med seg, er enno uvisst. Det er yttertøy av eit eksklusivt merke som er borte.

Tok dyrt merke

I november i fjor skjedde nøyaktig det same. Då fekk tjuvane med seg verdiar frå 300.000 kroner. For eigar Tine Monsen er det trist å måtte oppleve eit nytt innbrot.

– Tjuvane veit kva dei har gått etter. Det er opprivande at det skjer igjen på så kort tid, seier Monsen.

Chic i Ålesund

Dette er andre gongen på fem månader at klesforretninga har hatt innbrot.

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK

Tre menn vart tidlegare i år dømt for det forrige tjuveriet.

LES OGSÅ:

Ber om tips

Sjølv om ho ikkje har den fulle oversikta over kva som er borte, veit ho at det ikkje er klede for like store summar denne gongen.

Politiet er no på staden og gjer kriminaltekniske undersøkingar. Dei ber om tips frå publikum.

Monsen seier at ho må sette inn tiltak for å sikre seg betre mot tjuveri.

– Eg trur at dei som vil gjere innbrot, klarer det uansett, seier Monsen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL