Hopp til innhold

Stal båtmotorar og bensintankar

Ein 17-åring frå Romsdal er dømd for å ha stole ni påhengsmotorar og to bensintankar.

Norges lover
Foto: Berit Roald / Scanpix

Tjuveria fann stad på Vevang i Eide natt til søndag 22. juni i år.

Planlagd tjuveri

17-åringen vedgjekk det heile i Romsdal tingrett. Retten legg til grunn at handlingane har vore planlagde og klart profittmotiverte. I tillegg til ung alder, er guten ikkje tidlegare straffedømd eller bøtelagd, og får difor samfunnsstraff i staden for fengsel. Straffa har også blitt formilda på grunn av tilståing frå den tiltalte.

Guten er dømd til samfunnsstraff i 58 timar, og han må betale fire av båteigarane 19. 779,- til saman.