Hopp til innhold

Stakk til havs i stolen båt

Ein person stakk av frå Gjerdsvika i Sande mot Stad i ein stolen båt.

Gursken

Ei dame og ein mann blei tatt på fersken då dei prøvde å stjele ein båt frå Gjerdsvika i Sande kommune laurdag morgon.

Politiet rykte ut med politibåt frå Ålesund og patrulje frå Ulstein. Dei som varsla politiet heldt fast dama til politiet kom. Ho blei arrestert på staden. Ho var i tillegg i besittelse av narkotika.

I mellomtida klarde mannen å stikke av med ein kvit Antares 750 med svart påhengsmotor. Politiet prøvde å nå att båttjuven med politibåten, men måtte gi opp jakta då han stakk mot Stadhavet.

Politiet opplyser no at båten er komen til rette i Borgundvåg i Selje kommkune. Båten er kommet til rette i Borgundvåg i Selje kommune. Ei politipatrulje er på veg til staden.

Både dama og mannen er kjenningar av politet. Politet trur også at dei kom til Gjerdsvika med ein stolen båt. Den ligg att i hamna.

Politibåt

Politibåten til politiet i Ålesund.

Foto: Ole-Ottar Høgstavoll / NRK