Hopp til innhold

Stakk av med snøplog på 1 tonn

Ein blytung stålplog er komen til rette etter at ein mann forsynte seg grovt i Ørsta denne veka. Fredag ettermiddag etterlyste eigaren folk som har sett nokon kome heim med ny plog, og det gav effekt.

Stolen plog

Den eitt tonn tunge stålplogen er truleg snart på veg tilbake til eigarane, etter at han som tok han, har lovd å levere han tilbake.

Foto: privat

Det var ikkje akkurat lommerusk mannen forsynte seg med i Ørsta tidlegare denne veka. Eigarane av ein nesten eitt tonn tung oransje stålplog ba folk vere vakne, og fekk respons umiddelbart.

– Når du stoppar opp for å stele ein snøplog som veg eitt tonn, då er du frekkare enn flatlusa, skreiv Anja Kristin Sætre i eit Facebook-innlegg fredag ettermiddag.

Funnen i Sykkylven

Anja Kristin Sætre

Anja Kristin Sætre er forundra over at folk er så frekke at dei stikk av med ein plog.

Foto: privat

For etter at innlegget blei delt mange gongar fredag ettermiddag, begynte tipsa å strøyme inn. Sætre fekk fort melding om at traktoren som køyrde avgarde med plogen var blå, og av merket New Holland. Snart kom det tips om at plogen var på ferja mellom Festøya og Hundeidvika i Sykkylven, og natt til laurdag ringde han som hadde reist med plogen sjølv til eigarane.

– Han hadde vorte fortalt at det var ein plog som kommunen skulle skrape, og at han berre kunne ta den om han ville, skriv Sætre i ein sms til NRK laurdag ettermidag om kva mannen sa då han kontakta eigarane.

Takkar for hjelpa

Sætre takkar no alle dei som har hjelpt til med å spore opp plogen. No håper dei at han som tok han, leverer han tilbake, slik han har lovd.

– Eg syns det er trasig at ein ikkje kan setje frå seg private ting utan å knyte det fast. Det forundrar meg at folk kan finne på å hekte på noko slikt og så berre køyre vidare, seier Sætre.

Har varsla politiet

Fredag ettermiddag var politiet på plass i Hovdebygda i Ørsta for å mellom anna sjå på spora etter at plogen forsvann.

– Saka blir anmeldt, og vi etterforskar på vanleg måte, seier operasjonsleiar Tove Holst-Dyrnes ved Sunnmøre politidistrikt.

Ho sa fredag at dei ikkje har kapasitet til å følgje med på alle tips som kjem via ulike Facebook-sider, men at dei generelt brukar å få inn ein del tips direkte til politiet i slike saker.

No er saka truleg løyst.