NRK Meny
Normal

Berusa bilførar stakk av frå politiet

Då ein bilførar unnlét å stoppe for ein politikontroll i Brusdalen søndag morgon, la politiet seg på hjul.

UP-kontroll

Illustrasjonsfoto: Ein bilførar mistenkt for fyllekøyring unnlét å stoppe for ein politikontroll i Brusdalen søndag morgon. Politiet fekk stoppa bilen berre nokre minutt seinare.

Foto: Yngve Tørrestad / NRK

Det var like før klokka 06.00 søndag morgon at politiet gjennomførte ein kontroll på E136 i Brusdalen.

– Ein bilførar unnlét å stoppe for kontrollen og vi la oss på hjul for å prøve å stoppe han, seier Tove Brunvold Holst-Dyrnes, operasjonsleiar i politiet på Sunnmøre.

Forsvann ut av syne

Bilføraren auka så på farta og bilen forsvann ut av syne for politiet. Det tok likevel ikkje lang tid før politiet nådde tak i bilen igjen. Klokka 06.04 blei bilen observert i Engesetdalen i Skodje.

– Der fekk politiet stoppa bilen og førar blei arrestert, seier Brunvold Holst-Dyrnes.

Bilførar blei så tatt med til blodprøvetaking.

– Førarkortet blei beslaglagt og bilførar er mistenkt for fyllekøyring, seier operasjonsleiaren.