Hopp til innhold

Verdsleiande bedrift i lita bygd ved Stadhavet

Gjerdsvika i Sande på Sunnmøre har knappe 400 innbyggjarar. Likevel er bygda verdsleiande på fleire område innan maritim industri. Og i dag opna ei av dei mest spennande bedriftene nybygget sitt.

Opning av nytt bygg i Gjerdsvika

Det handlar om skipsfart og maskinar som får skipa til å bevege seg rett i sjøen. Sidan motorisert drift overtok for segl har skipsfarta vore stor kjelde til forureining. No skal skipsfarta over på miljøvenlege framdriftssystem som elektriske motorar og kombinasjonsmotorar med elektrisitet og diesel. Her er bedrifta Stadt i vesle Gjerdsvika i ferd med å spele ei nøkkelrolle.

– Det handlar om måtar å elektrifisere skip på. Skipa skal bli meir miljøvenlege, seier dagleg leiar i Stadt, Hallvard Slettevoll.

Hallvard Slettevoll

Hallvard Slettevoll er dagleg leiar i Stadt.

Foto: Andrine Davidsen / NRK

Bedrifta konkurrerer internasjonalt med leverandørar som har liknande system. Men Stadt skal ha utvikla unike løysingar.

Dei tyrkiske skipsverfta Besiktas og Cemre har i 2015 levert seks skip som er basert på ein dieselelektrisk pakke frå Stadt. Dei siste skipa er eigde av det norske reiarlaget Nordfield-Vestland Offshore. Fire andre har gått til THOR Offshore på Færøyane. Utstyret frå Stadt har det siste året gått både til brønnbåt og ein yacht til Australia.

Under den internasjonale skipskonferanse Marine Propulsion i London i April vann Stadt prisen i kategorien Elektriske system 2015.

Stadt opning

Svært mange av gjerdsvikingane kom til Stadt under opninga av nybygget.

Foto: Andrine Davidsen / NRK

Sjølv med vanskelege tider i maritim sektor var det dermed i ei positiv stemning at Stadt kunne innvie nybygget sitt i vesle Gjerdsvika.

– Gründerånda ligg i ryggmargen til gjerdsvikarane. Gjerdsvika har vore ei gründerbygd i over 100 år, seier Slettevoll.

Bedrifta har i dag 18 tilsette og blei etablert i 1985. Nybygget som blei opna i dag, med utsyn rett mot Stadthavet, kosta 30 millionar kroner.