- Når det blir mørkt får vi lysa midt i mot oss, seier skipper på hurtigbåten "Romsdalsfjord", Hallvard Fiskerstrand til NRK. "Romsdalsfjord" går i rute mellom Langevåg og Ålesund. Lysa frå taket på hovudtribunen på Color Line Stadion skin rett mot båten under seglinga i dei tronge sunda mellom Langevågsholmane.
Som bilar med langlys
- Du kan samanlikne det med bilkøyring, om alle bilane du møter har langlysa på, seier Fiskerstrand. Det kan vere slitsamt, og det kan medføre visse faresituasjonar, seier han.
Color Line Stadion i dagslys. Foto: Svein Winther, NRK
Misser nattsynet
Lyskastarane på det nye Color Line stadion i Ålesund skal gje spelarane optimale forhold på bana, men no klagar altså sjøfarande på at dei blir blenda. Den siste tida har Kystverket blitt kontakta av fleire som har problem med å navigere i kveldsmørkret, på grunn av stadionlyset.
Skarpt lys
Color Line stadion har til saman 84 lyskastarar på sjølve hovudtribunen, i tillegg kjem to høge lysmaster. Dagleg leiar Helge Blindheim seier at tippeligaspel krev spesiell belysning, med vedgår at lysa er skarpe.
- Eg ser at det gir eit rimeleg skarpt lys også utover mot sjøen og Sula. i enkelte tilfelle kan dette sikkert virke blendande for dei som er der ute. Slik ønskjer vi forsåvidt ikkje å ha det. I utgangspunktet har vi sett lysa våre i den stand og den styrke som er kravet frå dei som har godkjend stadion, seier Blindheim.
Skipperen på "Romsdalsfjord" blir blenda av dei skarpe stadionlysa.
Kystverket krev tiltak
Det var mykje merksemd rundt det nye fotballstadionet i Ålesund, som sto ferdig i vår. Men Kystverket skriv no til kommunen at dei aldri blei spurt i samband med den kraftige belysninga som blei sett opp. No meiner distriktssjef Harald Tronstad at kommunen må ta ansvaret:
- Det er kommunen som har sett dette i gang, og vurdert dette etter plan og bygningslova. Dersom kommunen ikkje kan gjere noko med dette, må vi vurdere om vi kan setje i verk tiltak etter hamne- og farvatnlova, seier Trondstad.