Hopp til innhold

Stadige problem med svevestøv

Svevestøv i Ålesund sentrum vert eit problem også denne vinteren. Kommunen har ikkje gjort noko sidan i fjor.

Forureining gjev svevestøv
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Problemet med svevestøv i Ålesund kan verte like stort i år som det har vore dei siste vintrane. Tidlegare år har det vore fleire dagar med høg konsentrasjon av luftforureining i bysentrum.Kommunen har ikkje gjort noko for å betre på situasjonen, men no er prosessen i gang.

- Fleire tiltak vert vurdert, men det er viktig å vurdere desse tiltaka og vege dei mot kvarandre, seier fagleiar for trafikk og miljø i Ålesund kommune, Mirza Begic.

Ikkje stort nok problem

Av alternativa han nemner er tiltak for å få meir piggfrie dekk, redusert trafikk i området med høg forureining, betre planlegging av trafikken i byen, og betre kosting. Men Begic seier det er ein ny type salting som er mest aktuelt. Det er bruk av magnesiumsalt som fins i sjøvatn, som skal binde støvet betre.

- Ein kan spyle det på vegane der det er mest forureining, deretter kostar ein det av. Då får ein eit svært bra resultat. Det er fleire byar i Noreg som har gjennomført dette tiltaket med svært gode resultat, fortel Begic.

Han fortel at Ålesund i år berre har hatt elleve dagar med for høge verdiar av luftforureining. Målestasjonen står i Posthuskrysset i sentrum, og plukkar opp all forureining i området.

- Krav om tiltak kjem fyrst når det blir målt 35 dagar med for høge verdiar. Dermed er det ikkje store nok problem til at ein vil gjere drastiske tiltak som til dømes forbod mot piggdekk her i Ålesund.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL