Hopp til innhold

Vi produserer stadig meir søppel

Alt vi gjer på i kvardagen fører til at det blir produsert meir søppel. Vi har aldri før laga så mykje avfall som i dag. Men stadig meir går til gjenvinning.

Avfall Bingsa

Vi lagar stadig meir avfall. Dette er berre ein av haugane på avfallsstasjonen Bingsa i Ålesund.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

I 2010 kasta kvar innbyggar i Noreg 424 kilo søppel. Mesteparten av dette, 82 prosent, blir gjort om til energi eller nye ting ved gjenvinning.

Bingsa Ålesund

Dette er avfallsstasjonen Bingsa i Ålesund. Her er det mogleg å sortere avfallet.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Øystein Solevåg

Øystein Solevåg er leiar i Ålesundregionens interkommunale renovasjonsselskap.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK
– Vi blir meir og meir merksame på at vi lagar mykje søppel. Eg kjøper mindre enn eg gjorde før, seier Gry Røbekk, medan ho leverer eit lass til gjenvinning på Bingsa miljøstasjon i Ålesund.

– Bryt trenden

Men mengda med restavfall i norske heimar er like stor, trass i at vi er flinkare til å sortere. Dunkane for restavfall er ofte like fulle no, som før ordninga med kjeldesortering av papp, papir, glas og plast blei innført.

– Heile samfunnet rundt oss er innretta på å få oss til å kjøpe mest mogleg heile tida. Det hadde vore veldig bra om vi klarte å bryte denne trenden. Det hadde vore fint om vi brukte den auka kjøpekrafta til andre ting enn å forureine meir, seier Øystein Solevåg i Ålesund interkommunale renovasjonsverk.

Avfallsmengde
Foto: Grafikk Terje Reite, NRK / SSB

– Folk blir flinkare

1. juli 2009 innførte styresmaktene forbod mot å legge nedbrytbart avfall som papir, tekstilar og matrestar på søppeldyngar. Nokre kommunar hadde dispensasjon fram til årsskiftet. No er det slutt på dispensasjonane. Alt slikt avfall skal gå til gjenvinning.

– Folk blir stadig flinkare. Dei fleste er veldig positive til gjenvinning og opplever det som nyttig. Med gjenvinning får folk også betre plass i bossdunken sin. Folk ønskjer å kjeldesortere meir, seier Øystein Solevåg.

Folk i Hedmark og Vestfold er dei flinkaste til å sortere søpla. Der blir 69 og 68 prosent av søpla send til attvinning. Troms ligg på botn med 38 prosent i 2010. Til saman blei 5,7 ordinært avfall sendt til attvinning i Noreg i 2010.

Hedmark og Vestfold flinkast

Gjenvinning pr. fylke
Foto: Grafikk: Terje Reite/NRK / SSB

Søkjer til gjenbruksbutikkane

Eit teikn som kan tyde på auka bevisstgjering om søppel, forureining og gjenbruk, er den auka omsetnaden i gjenbruksbutikkane. På første opningsdagen etter nyttår var det kø ved gjenbruksbutikken på Lerstad i Ålesund.

Åse Rogne

Åse Rogne besøkjer gjerne gjenbruksbutikken på Lerstad i Ålesund.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Lisbeth Torvik

Lisbeth Torvik er oppteken av at forbruket bør ned.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK
– Vi er veldig glade i forskjellige gamle ting. Vi er blant anna veldig glade i glas, fortel Åse Rogne som vi møter i butikken.

Ho er ei av dei som ofte er innom bruktbutikkar. Ho likar dårleg at vi kastar stadig meir søppel.

Eg vart fødd akkurat då krigen slutta. Dermed kastar eg ikkje så lett ting. Det heng litt igjen dette at eg kan alltids få bruk for tinga, seier Rogne.

Også Lisbeth Torvik, som også er kunde i butikken, er oppteken av å bremse forbruket.

Eg kastar ikkje mykje. Det går som regel til gjenbruk det eg kvittar meg med, seier Lisbeth Torvik.