Over 90 000 menneske i Møre og Romsdal får med seg ei eller fleire radiosendingar frå NRK Møre og Romsdal kvar dag. Det viser tal NRK Analyse har henta frå TNS Gallup sine publikumsmålingar. Det er prosentvis noko høgare oppslutning i Romsdal og Nordmøre enn på Sunnmøre.
I forhold til oppslutninga i 2010 har NRK Møre og Romsdal fått over 2000 fleire radiolyttarar. Det er morgon- og ettermiddagssendinga som står for veksten.
Fjernsyn
Tilbodet på NRK1 klokka 1840 og 2055 kvardagar er også populært i Møre og Romsdal og har fått fleire sjåarar siste året.
– Vi har gått opp frå vel 28 til 32 prosent. I desse målingane er ein prosent om lag 2000 menneske så auken er svært god, seier distriktsredaktør i NRK Møre og Romsdal, Hallstein Vemøy.
Han meiner oppslutninga viser at folk ønskjer eit godt nyheits- og aktualitetstilbod frå regionen og at NRK har ein solid posisjon blant publikum.
Internett
NRK Møre og Romsdal har hatt eit lokalt nyheitstilbod på Internett sidan 1999 men det er først siste åra at tilbodet har fått eit kraftig oppsving i besøket. I fjor var det igjennomsnitt rundt 85 000 unike brukarar i veka.
Riksproduksjon
NRK Møre og Romsdal leverer dagleg nyheitssaker og aktualitetar til rikstilbodet frå NRK på radio, tv og nett. I tillegg produserer distriktskontoret fleire fjernsynsporgram og -seriar kvart år.
Den mest kjende er «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» som i periodar har hatt over ein million sjåarar.