Hopp til innhold

Frivillig skogvern er blitt populært hos skogeigarar

I Møre og Romsdal er berre 43 kvadratkilometer med verdifulle skogområde verna, noko som er godt under landsgjennomsnittet. No vil stadig fleire verne skogen sin frivillig.

Brenslefjellet

Brenslefjellet naturreservat, ved Langfjorden mellom Horsgård i Molde og Buvika i Nesset, er eit skogområde som bør vernast.

Foto: Kjell Lyse

Spesielt attraktivt for mange er det å tilby skogen til naturreservat.

– Det er klart, når det er frivillig skogvern, så avgjer nesten skogeigarane sjølve kva dei vil ha i erstatning, ved at dei kan takke nei til tilbodet frå Staten. Og erstatninga dei får er så unik at dei slepp å betale inntektsskatt.

Det fortel rådgjevar i Miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Kjell Lyse.

Treng vern av fleire skogområde

Kjell Lyse

Kjell Lyse er rådgjevar i Miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Foto: Privat

Likevel er det berre 43 kvadratkilometer med verna skogområde i Møre og Romsdal.

Fleire skogområde i fylket bør vernast, spesielt aktuelt er Brenslefjellet naturreservat ved Langfjorden mellom Horsgård i Molde og Buvika i Nesset.

Der blei fem grunneigarar einige om å søke status om vern av vel 600 dekar skog som er lite eigna til å drive, men som har stor verdi.

Prosessen er allereie godt i gang for å få status som naturreservat, og fleire står i kø. Andre skogeigarar kjem etter.

Bratt og utilgjengeleg

– Det er eit politisk mål å få auka omfanget av skogvern i landet. Og det har blitt ei veldig populær ordning i og med at alt skogvern skal skje frivillig, seier Kjell Lyse.

For køen av skogeigarar som vil få skog verna er lang.

– Dei legg ofte fram ønskje om å få verne skog som er bratt og utilgjengeleg.

– Det er der ein som oftast finn den gamle skogen som har størst biologisk verdi, meddeler rådgjevaren i Miljøvernavdelinga.