Hopp til innhold

Stadig fleire vil ta toget

Pågangen frå folk som vil køyre tog med Raumabanen og Dovrebanen er stor. Ferietid, flykaos og generell auka interesse for å reise klimavenleg er nokre av årsakene til den store pågangen. For dei som blir råka av innstilde flyavgangar kan det bli utfordrande å få plass på toget, og dette gjeld særleg fredag, laurdag og søndag, seier informasjonssjef i SJ Norge, Hilde Lyng. Lyng er svært godt fornøgd med pågangen og meiner Raumabanen har eit potensial for framtida.

Togtrafikk med SJ
Foto: Terje Pedersen / NTB