Vil ha bier i hagen og honning i magen

Interessa for å drive med bier for å skaffe eigen honning, når nye høgder. Nybegynnarkursa i birøkt fyllest kjapt opp. På få år er talet på birøktarar dobla.

Randi Walderhaug Frisvoll, leiar Møre og Romsdal birøktarlag

Honningbier er topp husdyr, meiner Randi Walderhaug Frisvoll. Ho er leiar i Møre og Romsdal Birøkterlag og har i fleire år vore hekta på birøkt. Ho gler seg over rekordstor interesse for nybegynnarkurs i birøkt.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Eit summande sus frå travle honningbier vibrerer gjennom sommarlufta frå nord til sør i landet. Fargerike bikubar dukkar opp i stadig fleire hagar, enger og skogholt.

– Det er rett og slett kjempespennande og kan vere altoppslukande, smiler Marie Teigeland i Eidsvåg i Romsdal, der ho står omgitt av 22 bikubar og summande dur frå titusentals honningbier. I år er det sjette året ho steller med bier.

Marie Teigeland i Eidsvåg i Romsdal driv med bier.

Marie Teigeland er for lengst hekta på bier, og produserer økologisk honning frå eigne bier.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Eksplosjon av sanseinntrykk

Ein heil hær flyg ut av kubane for å hente inn nektar og pollen, andre er på veg tilbake tunglasta med godsakene dei har sanka inn.

– Ein god kube med flittige bier gir 15- 20, ja, opp mot 25 kilo honning i året.

Det var miljøaspektet som gav Marie puffet til å byrje med bier.

– No ser eg naturen på ein heilt anna måte. Særleg er våren ein eksplosjon av sanseinntrykk der kvar blomster er potensiell proteinkjelde for biene. Alt skjer i nærkontakt og samspel med naturen, seier ho begeistra.

Marie Teigland, birøktar på Rød i Eidsvåg i Romsdal

Kvart år lagar Marie både sommar- og lynghonning. Ho er dermed ei av dei mange som siste åra har vore med og fått opp produksjonen av norsk honning. – Finst det noko betre, undrar ho.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Honningen hennar er for lengst godkjent for sal, og mange kundar er så avhengige av det flytande gullet til Marie, at dei gjerne køyrer seks mil frå Molde for å få nettopp hennar honning på brødskiva.

– Det er stas med god respons, og prov på at bihaldet betyr noko for andre, seier Marie.

Fullt opp på kurs

– Begeistringa over biehald berre veks og veks, og folk har forstått at det er kjempespennande og viktig å drive med honningbier. Kurs for nybegynnarar er ofte meir enn fulle, stadfester Astrid Bjerke Lund, kommunikasjonsansvarleg i Norges Birøkterlag.

Astrid Bjerke Lund

Astrid Bjerke Lund i Norges Birøkterlag fortel at det er rundt 40 000 bikubar i Noreg i dag. I toppåra på 1980-talet var det nesten dobbelt så mange.

Foto: Norges birøkterlag

4500 birøktarar er med i laget, og dei kjem frå både land og by.

– I Oslo arrangerte ByBi, det urbane birøktarlaget i hovudstaden, nyleg kurs berekna for 70 nybegynnarar, og det måtte utvidast til nesten 100. Trenden er den same i Bergen og andre store byar, seier Bjerke Lund.

Ho trur pandemien har auka folks interesse for både honningbier, natur og sjølvberging.

– Nedbygging av jord, sjukdomar, sprøytemiddel og einsidig landbruksdrift trugar alle insekt. Biene sin innsats for å bestøvinga frukt, bær og grønsaker er alfa og omega for det biologiske mangfaldet. Den jobben er vel så viktig for oss menneske som at dei gir oss honning, meiner ho.

ByBi sørger for pollinatorvennlige landskap i Oslo

I Oslo blir det laga til landskap på hustak for at honningbier i hovudstaden skal kunne bestøve blomster og planter.

Foto: Matthew Bryce

Birøkt var eit svært mannsdominert område, men no strøymer kvinner til. På mange nybegynnarkurs er kvinner i fleirtal. Ja, dei er rett og slett i ferd med å ta over mykje av biehaldet her i landet, stadfester fleire kursleiarar.

Bier i en bikube

Ein kube består av mange tavler der biene lagrar nektar i cellene. Der blir den omdanna til honning, og når den er moden, blir cellene forsegla med bivoks. Seinare blir det slynging og tapping av honningen.

Foto: Kate Barth-Nilsen / NRK

– Det er heilt naturleg, og det finst ingen grunn til at kvinner skal halde seg unna, meiner Astrid Bjerke Lund.

Honningbier til trøyst

Ei av mange kvinner som står på terskelen til å lære birøkt, er Liv Ingrid Ruset i Ålesund. Ho har lenge hatt hobbyen i tankane, og gjer alvor av det fordi livet tok ei ny og uventa vending sist vinter. Ektefellen fekk kreft og døydde.

Liv Ingrid Ruset

Liv Ingrid Ruset er snart klar for nybegynnarkurset i birøkt.

Foto: Privat

– At han døydde, kan eg ikkje gjere noko med. Men bier og deira viktige plass i systemet kan eg gjere noko med. For å kome bort frå det mørke i tilværet, tok eg i vår sertifiserings-kurset for birøktarar utan ei einaste bie eller bikube, smiler ho.

Så dermed har Liv Ingrid godkjenning til å flytte bikubar mellom beiteområde. Dette er strengt regulert for å hindre smittespreiing av bie-sjukdomar.

Ho har endå fleire grunnar til å kjøpe inn utstyr og kome i gang.

– Berekraft, kortreist mat og miljø har alltid interessert meg. Då eg las romanane til Maja Lunde som handla mykje om forholdet mellom natur og menneske, vekte det samvitet mitt for kva eg kan og bør gjere, fortel ho.

Maja Lunde

Forfattar Maja Lunde har inspirert mange både i by og på landet til å starte med birøkt.

Foto: Hilde Bjørnskau / NRK

No kan ho mest ikkje vente til nybegynnarkurs i Tafjorden på seinsommaren.

Fascinasjon med ein liten bismak

På Grytestranda i Ålesund er Randi Walderhaug Frisvoll i gang for fjerde året som birøktar. Ho leier birøktarlaget i Møre og Romsdal og jublar over at det er rekordinteresse i fylket for å gå på birøktarkurs.

Men bismaken ved auka interesse er at somme startar utan opplæring.

– Det kan bokstavleg talt vere livsfarleg for biene. Flyttar ein bikubar mellom ulike stadar i landet, kan smittefarlege sjukdomar bli med på lasset. Både honningbier og ville bier døyr til dømes av den frykta varroamidden, åtvarar ho.

Randi Walderhaug Frisvoll, birøktar på Grytestranda i Ålesund

Randi Walderhaug Frisvoll er djupt fasinert av bier.

Foto: Privat

– Er du klar over at kvar bie brukar heile livet på å lage ei teskei honning? Tenk det! Like imponerande er det når dei luktar seg fram til ei blomstereng med mykje, god nektar. Heime ved kuben får resten av bifolket vite kvar enga finst ved at bia dansar i lufta og lagar eit kart over kvar godsakene er.

Honning frå garden Sjurstua på Rød i Eidsvåg i Romsdal

Stadig fleire drøymer om å halde bier og kunne lage honning sjølv. Eitt av fleire anslag fortel at nordmenn set til livs over 2000 tonn honning i året.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

I Eidsvåg ventar Marie og biene på at bringebærbuskane skal blomstre, slik at kubane kan fyllast enno meir opp av det som skal bli søt, flytande og freistande sommarhonning. Seinare blir det flytting av kubane til fjells når røsslyngen blomstrar.

Bier på blomst

Honningbier i full aksjon med å sanke nektar. Samtidig bestøvar, pollinerer, dei plantene dei besøkjer.

Foto: Anne Ognedal / NRK

– Å flytte bikubar i solnedgang når biene har gått til ro, er berre fantastisk, seier Marie og legg til at bier kjem ho til å drive med så lenge ho kan. Gjerne til evig tid.