Hopp til innhold

Stadig fleire tunnelar får DAB-dekning

I løpet av neste veke er arbeidet fullført med å lage DAB-dekning i 34 vegtunnelar i fylket.

Vegarbeidere setter opp radioskilt

Arbeidet med å få DAB-dekning i tunnelane held fram i neste veke.

Foto: NRK

Dette gjeld i 18 fylkesvegtunnelar og 16 riksvegtunnelar av dei i alt 91 vegtunnelane i Møre og Romsdal.

– DAB i tunnelane er på plass der ein før hadde FM, seier avdelingsdirektør Ole Jan Tønnesen i vegvesenet.

Han fortel at mange tunnelar som ikkje hadde radiodekning før, ikkje får det no heller. I alle fall ikkje i første omgang.

Ole Jan Tønnesen

Avdelingsdirektør Ole Jan Tønnesen i vegvesenet seier fleire tunnelar får DAB i samband med anna rehabiliteringsarbeid.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Fram mot 2025 blir ei rekke tunnelar rehabiliterte, og samtidig med det arbeidet kjem fleire tunnelar til å få DAB.

Årsaka til at desse tunnelaneikkje får DAB i denne omgang er at dei ikkje har ferdig tekniske bygg for plassering av utstyr, fibersamband, antennekabel og liknande.

Å få på plass dette er såpass omfattande at det ifølge vegvesenet vil vere fornuftig å ta i samband med rehabilitering av dei aktuelle tunnelane.