Hopp til innhold

Stadig fleire syng i kor

Damekoret SIRENE med base i Sande er berre eitt av svært mange kor i Møre og Romsdal. Og på landsplan har talet på korsongarar auka med rundt 15 000 dei siste femten åra.

Damekoret SIRENE

Torgeir Langberg Hauge saman med to av kormedlemmene. Laila Muren t.v og Marlen Hauge Knotten t.h

Foto: Arne Flatin / NRK

SIRENE består av under tjue damer, som kjem frå kommunane på Ytre søre Sunnmøre. Det vil seie Sande, Herøy, Hareid og Ulstein.

I sommar hadde koret eit spennande prosjekt der dei spelte inn plate og fekk laga til musikkvideo av to av songane. Med god hjelp frå Erlend Vikene, Andreas Sætre, Joar Ødegård (dronefoto) og Rein Alexander var videoane spelt inn i flott sunnmørsnatur.

Koret har stadig nye spennande prosjekt på gang, fortel dirigent og musikar Torgeir Langberg Hauge.

Denne ettermiddagen tek NRK med kormedlemmene opp i Drageskaret med utsikt over øyane i Sande. I eit vakkert oktoberver.

Damekoret SIRENE i aksjon

Damekoret SIRENE syng og Torgeir Langberg Hauge dirigerer. Foto/redigering:ARNE FLATIN

To av kormedlemmene, Laila Muren og Marlen Hauge Knotten fortel at dei har ein dirigent som gir dei stadig nye utfordringar. Det at det vert stilt krav til dei, set dei pris på. Dermed er dei skjerpa og får noko meir ut av korsongen enn berre det sosiale, som også er viktig.

Vekst i Møre og Romsdal

I følgje generalsekretær Åsmund Mæhle i Norges korforbund er det til saman rundt 100 000 personar her i landet som syng i kor, og det har vore ein jamn vekst i mange år.

Åsmund Mæhle

Åsmund Mæhle er generalsekretær i Norges korforbund

Foto: Norges Korforbund

Mæhle seier til NRK at det er dokumentert at korsong er positivt både på psykisk og fysisk helse. Korsong har også god effekt for utvikling av lokalsamfunn og for integrering, seier han.

I Møre og Romsdal har kororganisasjonane samla 4900 medlemmer fordelt på 157 kor og Sunnmøre er saman med Nord-Trøndelag det området der størst del av folket syng i kor.

For SIRENE ventar no korcup 5.november, deretter julekonsertar. På nyåret er det stadig nye prosjekt på gang, seier dirigent Hauge. Utan at han vil gå nærare inn på det akkurat no.

Ansvarleg for musikkvideoen er Erlend Vikene (producer), Andreas Sætre(director), Joar Ødegård (dronebilde), Rein Alexander (executive producer), Øystein Trollsås/Petter Anthon Næss (musikarar), Torgeir L. Hauge (komponist), Johannes Ristesund (tekst).

Ansvarleg for musikkvideoen er Erlend Vikene (producer), Andreas Sætre(director), Joar Ødegård (dronebilde), Rein Alexander (executive producer), Øystein Trollsås/Petter Anthon Næss (musikarar), Torgeir L. Hauge (komponist), Johannes Ristesund (tekst). Foto: Erlend Vikene

Damekoret Sirene satsar på nye musikkvideoar og nytt program. Koret gjer seg no klar til korcup og julekonsertar.

TV-sak om SIRENE