NRK Meny
Normal

Stadig fleire bilar på vegane

Trafikkauken på vegane i Møre og Romsdal var i fjor på nesten to prosent. Ikkje overraskande er auken størst rundt Ålesund, Molde og Kristiansund.

Innfartsveg Ålesund

Særleg rundt Ålesund og dei andre byane er det fleire bilar på vegane.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Men også på Kvivsegen og i Eiksundtunnelen har det vore fleire bilar samanlikna med 2014, og begge stader er auken på om lag 11 prosent.

I Ålesund er det særleg Blindheimstunnelen og Brusdalen som har hatt auke. Begge stader er auken på 500 bilar i døgnet kvart år. 21 000 bilar køyrer gjennom Blindheimstunnelen i døgnet.

Nedgang over Skaret

Tussentunnelen

Etter at det blei gratis gjennom Tussentunnelen har trafikken auka.

Foto: Magnus Peter Harnes / NRK

Nedlegginga av bomstasjonen i Tussentunnelen ved årsskiftet 2014/2015 har gjort at trafikken her har auka med om lag 1000 køyretøy. Samtidig har trafikken over Skaret gått tilsvarande ned.

Ved Kristiansund er største auken knytt til strekninga Atlanten-Ormsundbrua, med nær 400 fleire bilar. Også gjennom Freifjordtunnelen held trafikken fram med å auke.

Turistvegane

I sommar-, ferie- og turistmånadene melder Statens vegvesen at juli toppar for både Atlanterhavsvegen og i Geiranger. Over Trollstigen var det flest bilar som køyrde i august.

Også gjennom Romsdalen var det ein svar auke, men her har samtidig talet på køyretøy over 16 meter gått ned.

På ulikt vis registrerer og bereknar Vegvesenet trafikken på alle riks- og fylkesvegar. Trafikktala blir mellom anna brukte til å kartlegge behovet for å gjere vegane betre, og kor høg støy- og støvforureininga frå vegane er.

Atlanterhavsvegen

Atlanterhavsvegen har sin klare topp om sommaren.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK